Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Postdoktor i evolusjonshistorie og konnektivitet av fauna knytt til varme kjelder i djuphavet

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor i evolusjonshistorie og konnektivitet av fauna knytt til varme kjelder og andre kjemosyntese-baserte økosystem (såkalla CBE-ar) i dei nordiske havområda og Arktis. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og er knytt til K.G. Jebsen-senter for dyphavsforskning.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

K.G. Jebsen-senter for dyphavsforskning består av eit fleirfagleg forskingsteam av geologar, geokjemikarar, mikrobiologar, molekylærbiologar og marinbiologar. Forskingsteamet driv framifrå forsking på djuphavet, geobiologiske interaksjonar og problemstillingar kring byrjinga på alt liv. Dette fleirfaglege samarbeidet har leia til viktige oppdagingar og framgang i forskingsfeltet. Forskingsarbeidet ved senteret er organisert i sju arbeidspakkar som til saman skal skaffa fram kunnskap om djuphavet, djuphavsressursar og om miljøeffektar av industriaktivitet på havbotnen. Den utvalde søkjaren vil verte knytt til abeidspakke sju – «Djuphavs økosystem og miljø». Denne arbeidspakken har som mål å utforske organismar og djuphavsøkosystem langs den arktiske midthavsryggen og dei djupe delane av kontinentalskråningane i dei aller nordlegaste delane av Atlanterhavet og Arktis, med hovudfokus på lite kjende økosystem og naturtypar som finnast i desse områda (varme kjelder, kalde gassoppkomme, organiske nedfall, svampebotnar og område dominert av blautkorallar).

 

Undersøkingar av evolusjonshistorie, prosessar knytt til artsdanning, biogeografi og genetisk konnektivitet innan (og mellom) kjemosyntetiske system i nordområda er hovudtema for forskinga innan gruppa og vil også vere det samlande temaet for forskinga til den som vert tilsett.

 

Arbeidsoppgåver

  • Datainnsamling og planlegging av innsamling/feltarbeid.

  • Laboratoriearbeid (hovudsakleg DNA-arbeid).

  • Fylogenetiske- og populasjonsnivåanalysar av genetiske data frå evertebratfauna i kjemosyntetiske miljø.

  • Assistere resten av gruppa med biodiversitetsstudiar i desse miljøa.

  • Opplæring og medrettleiing av master og ph.d.-studentar.

  • Aktiv deltaking i fleirfaglege undervisningsaktivitetar og seminarseriar innan senteret sine fagfelt.

  • Ha ansvar for å integrere arbeidspakke sju med dei andre arbeidspakkene.

  • Publisering av forskingsresultat i vitskapelege tidsskrift. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor marinbiologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring frå arbeid med nord-atlantisk/arktisk evertebratfauna knytt til varme kjelder og andre kjemosyntetiske habitat, inkludert feltarbeid, er eit krav.
  • Dokumentert erfaring og forståing av evolusjonshistoriske prosessar og konnektivitet/populasjonsgenetikk i denne typen fauna er eit krav.
  • God kjennskap til analysar av genetiske data (og relevant programvare) er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil inngå i stillinga. Dette vil utgjere inntil 25 % av stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø.

  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 508 800,- brutto (løna er for tida under regulering). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

  • gode velferdsordningar. 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Hans Tore Rapp, Institutt for biovitenskap og K.G. Jebsen-senter for dyphavsforskning, Universitetet i Bergen, Hans.Rapp@uib.no, tlf. +47 91367187 eller +47 55584413.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    2. juli 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    154199
  • Intern-ID
    18/6394
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger