Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen

Konservatorar/samlingsmedarbeidarar

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 120 årsverk. Nærare informasjon om museet finn ein her: http://www.uib.no/universitetsmuseet.

 

Universitetsmuseet i Bergen har store samlingar av kulturhistoriske gjenstandar i utstillingar og i ulike magasin. I forbindelse med etableringa av eit nytt arkeologisk magasin, samt oppgradering av allereie eksisterande magasin er det sett i gang eit prosjekt knytt til flytting av museets kulturhistoriske samlingar. Museet trenger difor å auka talet på tilsette med inntil 5 personar med konserverings- og samlingskompetanse for kulturhistorisk materiale. Prosjektet er lagt til Seksjon for samlingsforvaltning og konservering, Avdeling for kulturhistorie. Stillingane er ledige frå 15. september 2018 (eller etter avtale).

 

Seksjonen har ansvar for forvaltning, bevaring, konservering og dokumentasjon av museets samlingar til forskings- og formidlingsføremål og har 14 faste tilsette med arbeidsoppgåver tilknytt arkiv, foto, samlingsforvaltning og konservering.

 

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene i prosjektet vil omfatte registrering i databasar, lettare reingjering, tilstandsvurdering, merking, sikring, nedpakking, fotografering, sanering (frysing), oppakking, plassering, organisering samt innplassering i nye magasin. Prosjektet er omfattande og arbeidsoppgåvene varierte. Til tider vil det vere eit fysisk krevjande arbeid, og i periodar vil det bli hektiske dagar når ein arbeidar opp mot fristar. Museet treng medarbeidarar med høg arbeidskapasitet og forståing av logistikk, og som kan arbeide som del av eit team og bidra til prosjektets faglege utvikling og gjennomføring. Ved avslutning av prosjektet kan det vere aktuelt med andre arbeidsoppgåver.

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Godkjent konserveringsutdanning (minimum Bachelor-nivå) innan arkeologisk eller kulturhistorisk materiale, eller godkjent utdanning innan andre relevante kulturhistoriske eller museumsrelevante fag (minimum Bachelor-nivå) med solid gjenstandskunnskap.

  • Erfaring med handtering og registrering av museumsgjenstandar og samlingar

  • God generell IT-kompetanse

  • Erfaring med universitetas felles databasesystem (UNIMUS) eller tilsvarande databasar

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk)

  • Førarkort for personbil (Klasse B) 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • Vere fleksibel, systematisk, strukturert og nøyaktig

  • Evne til å tenkje og arbeide kreativt og breitt

  • Positiv, initiativrik og målretta

  • Kunne arbeide som del av eit team men og sjølvstendig

  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø  

Dei som vert tilsett kan ikkje vere allergisk mot støv eller kjemikaliar i ein slik grad at det vil påverke arbeidet. Erfaring med tilsvarande prosjekt, samt kunnskap og forståing av systematisk HMS-arbeid er ein føremon.

 

Det er vesentleg at dei som vert tilsette er eigna for stillingane, og personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt.

 

Vi kan tilby:

  • Deltaking i eit spennande og relevant flytteprosjekt

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver

  • Gode og engasjerte kollegaer

  • Stilling som avdelingsingeniør i lønssteg 47 – 53, for tida kr 416.600 – 459.100 (kode 1085, LR 22.11-22.17) i det statlege lønsregulativet (løna er under justering). For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn verte vurdert.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Camilla C. Nordby, leiar av Seksjon for samlingsforvaltning og konservering, E-post: camilla.nordby@uib.no, tlf: (+47)

55 58 61 68, Mob: (+47) 97 65 96 32 eller Asbjørn Engevik, leiar av Avdeling for

Kulturhistorie, E-post: asbjorn.engevik@uib.no, tlf (+47) 55 58 31 24, Mob:(+47) 92 02 37 11, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen.

 

Søknad:

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida

 

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning, arbeidserfaring og publikasjonar (CV)
  • Attersterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon) 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Avdeling for kulturhistorie
  • Jobbnorge-ID
    154060
  • Intern-ID
    18/4906
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger