Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Seniorkonsulent forskarutdanning

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen, er det ledig ein fast stilling i 100% som seniorkonsulent ved forskarutdanninga.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Stillinga er i hovudsak knytt til administrasjon av ph.d.-programmet «Studier avdanning og didaktiske praksiser» og forskarutdanning ved fakultetet. Ph.d.- programmet er ei strategisk viktig satsing for fakultetet som del av HVLs universitetsambisjon. Programmet er i kontinuerleg utvikling og har om lag 25 aktive studentar/stipendiatar. Stillinga er lagt til prodekan for forsking si eining og arbeidsstad vil vere Bergen.  

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Tilrettelegging og sakshandsaming ved opptak til ph.d.-studiet, oppfølging av avtalar og studentar, organisering av midtvegsevaluering og disputas                          
  • Administrativ støtte for fagansvarleg i daglig drift av ph.d.-studiet, sekretariat for programutvalet for ph.d.-studiet ved fakultetet                          
  • Saksførebuing og -oppfølging, utviklingsarbeid, rapportering og utgreiingsoppgåver                            
  • Andre administrative oppgåver rundt ph.d-programmet og forskarutdanning/forskingsadministrasjon ved fakultetet kan inngå i stillinga.                      

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning på masternivå                            
  • Administrativ erfaring og kompetanse relevant for ansvarsområdet                              
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, munnleg og skriftleg                          
  • Høg digital kompetanse                            

Ønska kvalifikasjonar

  • Kjennskap til universitets- og høgskolesystemet og digitale verktøy som FS, Canvas og WiseFlow verktøy er ein fordel

 Personlege eigenskapar

  • Søkar må vere utadvendt, utviklingsorientert, initiativrik og trivas i eit travelt miljø
  • Stillinga krev evne til sjølvstendig og strukturert arbeid, gode samarbeidevner og fleksibel innstilling                              .

Lønnsvilkår

Stillinga er løna i stillingskode 1363 seniorkonsulent etter Statens lønnsregulativ. Frå lønna vil det bli trekt 2% innskot til Statens pensjonskasse.

 Vi tilbyr elles 

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Fleksitid jfr. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Moglegheit for trening i arbeidstid
  • Moglegheit for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktpersonar

Prodekan for forsking: professor Knut Steinar Engelsen: 53 49 14 31

Kontorsjef Tone Reistad: 55 58 75 57

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    29. juli 2018
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    campus Bergen
  • Jobbnorge-ID
    153730
  • Intern-ID
    18/04156
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger