Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Stipendiat i teoretisk fysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i teoretisk fysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, og er knytt til BFS prosjektet "Thermalising Jets: New Aspects of Non-Equilibrium Processes at Colliders" .

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjektet vil hovudsakleg utforske aspektar av kvark-gluon dynamikk i kollisjonar av proton og atomkjerner ved LHC akseleratoren på CERN. Spesielt tar prosjektet sikte på å utvikle detaljerte simuleringar av korleis energetiske partikler, såkalla jetter, påverkast av mikroskopiske vekselverknadar med sikte på å forstå plasmaets eigenskapar. Det vil også fokuserast på fenomenologiske studiar av eksperimentelle målingar som utforskar jet substruktur. Prosjektarbeidet involverer utvikling av nye teoretiske metodar samt numerisk modellering, først og fremst i form av en Monte Carlo generator, og analyse av data. Stipendiaten vil ha muligheit til kortare opphald ved utanlandske institusjonar, spesielt på CERN.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i teoretisk fysikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 1. september 2018. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå teoretisk partikkel- eller kjernefysikk (for eksempel frå arbeid i samband med masteroppgåva) samt frå numeriske berekningar er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlige og mellommenneskelige eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

 

Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i et godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endelig plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ein årslønn på kr 436 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. Lønnen er under regulering.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidsplass (IA-arbeidsplass)
  • gode velferdsordningar

 Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjarens forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • dersom du ennå ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 1. september 2018
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Søknadsfrist: 20 august 2018.

 

Generell informasjon

For utfyllande opplysningar, ver venleg å ta kontakt med: Konrad Tywoniuk (konrad.tywoniuk@cern.ch)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    153727
  • Intern-ID
    2018/6431
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger