Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Postdoktor i allmenn litteraturvitskap

 

 

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei stilling som postdoktor i allmenn litteraturvitskap knytt til forskargruppa for Radikal filosofi og litteratur (RFL) og prosjektet «Forms of Violence, Aesthetics and Politics in Times of Terror». Stillinga er for ein periode på fire år.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

«Forms of Violence» undersøkjer estetiske aspekt ved dagens globale "valdsregime"– korleis vald vert praktisert og omgrepsleggjort – i eit historisk, geografisk og kjønna perspektiv. Postdoktorprosjektet må vere knytt til eit eller fleire av desse perspektiva, med vekt på forholdet mellom estetikk og politikk, irekna spørsmålet om (radikal) endring av samfunnsforholda. Postdoktorstillinga skal òg bidra til å utvikle dei overordna teoretiske perspektiva. Søkjarar kan få tilgang til prosjektskissa ved å kontakte gisle.selnes@uib.no.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utanlandsk utdanning i eit relevant humaniora-emne (litteraturvitskap, filosofi, kjønsstudier eller liknande), eller ha levert ei slik doktoravhandling til vurdering innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg

 Søkjaren må kunne dokumentere solid litteraturteoretisk skolering.

 

Det er ein føremon, men ikkje eit absolutt krav, at søkjaren har kjennskap til radikal filosofi i tradisjonen etter Marx, Freud og/eller Nietzsche, med fokus på estetikken sitt endringspotensial, ideologikritiske funksjon og/eller kroppslege/affektive aspekt (for eksempel Deleuze, Badiou, Spivak, Rancière, Butler, Žižek). Det er òg ein føremon om søkjaren tidlegare har arbeidd med problemområda som «Forms of Violence»-prosjektet undersøkjer (vald, estetikk, politikk), anten i kombinasjon eller kvar for seg.

 

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må i samarbeid med instituttleiar utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet, og søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Åremålsperioden for denne stillinga er fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/LR 24.1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer for tida kr 490 500. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

Generell informasjon:

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Gisle Selnes, LLE, gisle.selnes@uib.no, 55 58 23 96.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

Slik søkjer du stillinga

 

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via link på denne sida «SØK STILLINGEN» Dette må følgje den elektroniske søknaden:

 

  • Prosjektomtale (inntil 5 sider)

  • Framdriftsplan for prosjektet

  • Litteraturliste for prosjektomtalen

  • Eit kort samandrag av doktoravhandlinga. (Er doktorgraden utanlandsk, må sjølve avhandlinga sendast inn.)

  • Attestar og vitnemål frå universitet/høgskole som dokumenterer relevant utdanning for søknaden (skanna versjon)

  • Inntil 5 vitskaplege arbeid

  • Namn og kontaktinformasjon på to referansepersonar

 

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

 

Vitnemål som ikkje er utferda ved nordiske lærestader, må også liggje føre i omsetjing til eit skandinavisk språk eller til engelsk.

 

Søkjarar som vil ha vurdert vitskaplege arbeid som er skrivne på eit anna språk enn skandinavisk (norsk, dansk eller svensk) eller engelsk, må kontakte og forhøyre seg om dette let seg gjere. Doktoravhandlinga kan vere eitt av desse arbeida. Er den frå eit utanlandsk universitetet, må avhandlinga leggjast ved. Ei liste over arbeida må leggjast ved.

 

Søknadsfrist: 24.6.2018

 

Merk søknaden: 2018/6243

 

 

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    24. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    153650
  • Intern-ID
    18/6243
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger