Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Forskar i eksperimentell reservoarfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei fast stilling som forskar i eksperimentell reservoarfysikk

 

Stillinga er finansiert av eksterne midlar. Dei første 3 åra er stillinga finansiert av prosjektet "Subsurface Carbonate CO2 Storage and Security” gjennom Noregs Forskningsråd (NFR).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Geologisk CO2-lagring er særs påverka av den strukturelle integriteten til lagringsformasjonen, samt korleis injisert CO2 migrerer i formasjonen. Dette prosjektet fokuserer på siste steg i CCS («carbon capture and storage»- karbonfangst og -lagring) verdikjeda: injeksjon og lagring av CO2 under jordoverflata, med fokus på geologisk lagring i karbonat. Karbonatbergartar er særskild reaktive og har ofte særs heterogene porestrukturar. Desse bergartane utgjer derfor kompliserte system for reaktiv strømming. Prosjektet vil vidareføre eksisterande kunnskap om væskestrøm og reaktiv strømming i karbonatbergartar under CO2-injeksjon, og er delt i to arbeidspakkar. Forskaren skal leie arbeidspakke 2, som fokuserer på å undersøkje reaktive strømmingsmønster på kjerneskala ved hjelp av eksplisitt avbilding av vatn og CO2 med positronemisjonstomografi (PET).  

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor eksperimentell reservoarfysikk.
  • Søkjaren må ha erfaring i prosjektleiing, innanfor emne som er relevante for stillinga.
  • Det er ein fordel om søkjaren har erfaring frå rettleiing av mastergradskandidatar
  • Dokumentert evne til å hente inn eksterne forskingsmidlar vil vektleggast
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Erfaring frå internasjonalt forskingssamarbeid er ein fordel, og bør dokumenterast gjennom internasjonale medforfattarar i tidsskriftpublikasjonar og/eller forsking/arbeid utanlands.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar. 

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilheitleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

 

Særeigne krav for stillinga:

Kandidaten bør dokumentera kunnskap og erfaring innanfor analyse av tredimensjonale biletdata (fortrinnsvis frå PET avbilding) i tidsavhengige og dynamiske flømmingsprosessar. Søkjaren må ha god erfaring med lagring av CO2, samt andre fortrengingsmekanismar i sedimentære bergartar.


Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet hører innunder.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren, og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda iforskingsgruppa.
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 517 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Martin Fernø, Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, martin.ferno@uib.no, +47 55 58 27 92.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    21. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    153579
  • Intern-ID
    2018/3164
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger