Universitetet i Bergen

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Postdoktor i informasjonsvitskap

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig ei førebels stilling som postdoktor i informasjonsvitskap med innretning mot finansteknologi. Stillinga er for ein periode på fire år med 25% pliktarbeid knytt til undervisning og administrasjon ved instituttet.

 

Institutt for informasjons- og medievitskap har om lag 80 tilsette på heil- og deltid, av disse er 30 faste vitskaplege tilsette og omlag 20 doktorander og postdoktorar. Instituttet tilbyr mellom anna bachelor- og masterprogram i informasjonsvitskap, medie- og interaksjonsdesign og i medievitskap. Instituttet opna i 2017 ei avdeling i medieklynga Media City Bergen. Her er det nye fasilitetar for undervisning og forsking innan medieproduksjon og teknologi. Instituttet er, saman med andre fagmiljø og industripartnarar frå bank, forsikring og teknologi, involvert i arbeidet med å etablere ei tverrfagleg kunnskapsklynge i finansteknologi, Finance Innovation, lokalisering i Bergen. Den utlyste postdoktorstillinga er en del av satsinga på finansteknologiklynga ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet. 

 

Den informasjonsvitskaplege forskinga ved instituttet er knytt til tre forskingsgrupper: Interaksjonsforsking, Semantiske og sosiale informasjonssystem,  Logikk, informasjon og interaksjon. Forsking og undervisning innan kunstig intelligens og maskinlæring er eit prioritert område ved instituttet og denne stillinga er ein del av denne satsinga.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Til denne stillinga ønskjer vi søkjarar med forskingsfokus på kunstig intelligens, maskinlæring eller distribuert bokføringsteknologi. Ein ønskjer gjerne søkjarar som knyter eitt eller fleire av desse temaa opp mot finansteknologi. Den tilsette vil i sitt post.doc-prosjekt vere knytt til kunnskapsklynga Finance Innovation og vil utvikle forskingssamarbeid mellom instituttet og klynga. Vidare vil den som vert tilsett bidra med undervisning og utvikling av vårt undervisningstilbod innan område nemnd ovanfor.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor informasjonsvitskap eller tilsvarande, og ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå kunstig intelligens, maskinlæring eller distribuert bokføringsteknologi.
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg.

 

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan også verte bede om å helde ei prøveforelesing over eit oppgitt emne.  

 

Dei som søkjer stillinga vert rådd til å orientera seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet, sjå www.uib.no/infomedia.


Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 57-60 i det statlege regulativ ved tilsetjing, (Lpl.17.510, kode 1352/LR24). Dette utgjer ei årsløn på kr 490 900,- - kr 517 700,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Vitskaplege publikasjonar

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

 

Søknadsfrist: 15. august 2018

 

Søknaden skal merkast: 2018/5774

 

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Leif Ove Larsen, tlf. 55 58 41 16, e-post: leif.larsen@uib.no.


Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib-no eller tlf. 55 58 90 53.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    153492
  • Intern-ID
    18/5774
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger