Universitetet i Bergen

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Førsteamanuensis i informasjonsvitskap

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i informasjonsvitskap.

 

Institutt for informasjons- og medievitskap har om lag 80 tilsette på heil- og deltid, av disse er 30 faste vitskaplege tilsette og omlag 23 doktorander og postdoktorar. Instituttet tilbyr mellom anna bachelor- og masterprogram i informasjonsvitskap, medie- og interaksjonsdesign og i medievitskap. Instituttet opna i 2017 ei avdeling i medieklynga Media City Bergen. Her er det nye fasilitetar for undervisning og forsking innan medieproduksjon og teknologi. Instituttet er involvert i arbeidet med å etablere ei kunnskapsklynge i finansteknologi, Finance Innovation.

Den informasjonsvitskaplege forskinga ved instituttet er knytt til tre forskingsgrupper: Interaksjonsforsking, Semantiske og sosiale informasjonssystem,  Logikk, informasjon og interaksjon.

Meir informasjon om instituttet sine forskingsaktivitetar og utdanningstilbod på www.uib.no/infomedia

 

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Til denne stillinga ønskjer vi søkarar innan informasjonssystem, informasjonssystemutvikling og/eller programvareutvikling. Vi ønskjer søkjarar med empiriske perspektiv på informasjonssystem og systemutvikling. Det er ein fordel om søkjarane kan relatere seg til eksisterande forsking ved instituttet som ligg i denne leia, som til dømes smidig systemutvikling, datastøtta samarbeid eller informasjonssystem med stordata. Den tilsette vil bidra i undervisning i og utvikling av den delen av kurstilbodet i informasjonsvitskap som har eit generelt fokus på informasjonssystem og systemutvikling, men vil og måtte kunne ta ansvar for reint teknologiske emne som grunnleggande programmering og databasar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan informasjonsvitskap

  • Det er ynskjeleg at søkjarane har synt evne til å publisere forskingsresultat utover doktorgrad på eit internasjonalt nivå innan faget.

  • Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet, vil forskinga frå dei siste fem åra verte tillagt særleg vekt.

  • Den personen som vert tilsett må kunne medverke til undervisning både på høgare og lågare grads nivå.

  • Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Samarbeidsegenskaper, planer for forskning og ambisjoner for egen undervisning tillegges vekt.

  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 68-75 (kode 1011) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 600 200,- - kr 686 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar.

 

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som synar motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover

  • CV

  • Inntil 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.

  • Fullstendig publikasjonsliste

  • Medforfattarerklæringar

  • Undervisings-portfolio. Ei samla framstilling som synar din erfaring innan undervising og rettleiing. Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eiga utvikla undervisingsmateriell, evalueringsrapportar og motekne undervisningsprisar.

  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester

  • Kontaktinformasjon til to referansar

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

 

Søknadsfrist: 15. august 2018

 

Søknaden skal merkast: 2018/5772


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Leif Ove Larsen, tlf. 55 58 41 16, e-post: leif.larsen@uib.no.


Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib-no eller tlf. 55 58 90 53.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det vises til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    153454
  • Intern-ID
    18/5772
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger