Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Stipendiat i klimaprediksjon

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i klimaprediksjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og er finansiert av Bjerknessenteret for klimaforsking.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Formålet med ph.d.-stillinga er å bidra til å utvikle kvaliteten i klimavarsling til eit nivå som er til fordel for samfunnet, og å legge til rette for den nødvendige overgangen til operasjonell varsling. Stillinga vil vere på Bjerknes klimavarslingssenter, som fokuserer på å varsle klimaet i den atlantisk-arktiske sektoren og kringliggande kontinenter på sesong- til dekadisk skala og på lengre sikt.

 

Ph.d.-kandidaten vil utvide bruken av dataassimilerings-metodar for å håndtere dei ulike skalaene i både rom og tid i de ulike modell-komponentane (for eksempel atmosfære, hav, sjøis og landoverflate), samt å formulere ein framgangsmåte som klarer å spre informasjon frå observasjonane til alle modell-komponentane samtidig og på ein konsistent måte – dette er en framgangsmåte som beskrivast som en sterkt kopla dataassimilering. Ph.d.-kandidaten vil teste den ledende gjennomsnittlige kryss-kovarians-metoden på eit hierarki av lav-orden koplamodellar. På sikt vil den optimale metoden bli implementert og demonstrert med den norske klimaprediksjonsmodellen. Ph.d.-kandidaten vil bli rettleia av professor Noel Keenlyside, dr. François Counillon og dr. Alberto Carrassi. Forskingsarbeidet i denne stillinga vil bli utført i nært samarbeid med teamet som utvikler den norske klimaprediksjonsmodell både på Bjerknessenteret for klimaforskning og dataassimileringsgruppa på NERSC.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i meteorologi, oseanografi eller matematikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Bakgrunn i anvendt matematikk og geofysisk fluidmekanikk er eit krav.
  • Erfaring frå dataassimilering, numerisk modellering, og programmering/koding er naudsynt
  • Gode ferdigheiter i Fortran, Matlab eller Python krevst.
  • Det er også eit krav at den som får stillinga evner og er villig til å arbeide på tvers av disiplinar og i eit tverrfagleg team.
  • Den som får stilling må vere i stand til å arbeide sjølvstendig og strukturert og vise samarbeidsevner
  • Gode kunnskapar i både skriftleg og munnleg engelsk er naudsynt

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Dr. François Counillon, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre

Dr. Alberto Carrassi, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre

Professor Noel Keenlyside, Geophysical Institute, University of Bergen

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. juli 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    153366
  • Intern-ID
    2018/5901
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger