Fylkesmannen er staten sin representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunal og sentral mynde, med høve til å spele inn viktige saker frå kommunesektoren til sentrale styresmakter.

Engasjement i miljøvern- og klimaavdelinga

Miljøvern- og klimaavdelinga har ledig eitt års engasjement innan tilsyn og sakshandsaming etter forureiningslova med søknadsfrist 25. mai 2018.


Miljøvern- og klimaavdelinga har ansvar for rettleiing, tilsyn og forvaltingsoppgåver innan forureining i fylket. Det er ledig eitt års engasjement innan tilsyn og sakshandsaming etter forureiningslova. Tilsyn og sakshandsaminga gjeld alle typar utslepp regulert av forureiningslova. Tilsyn med utslepp frå verksemder er eit prioritert område.

Vi skal sjå til at nasjonale miljømål vert nådd i alt vårt arbeid etter miljøregelverket og våre oppdrag kjem i hovudsak frå Miljødirektoratet.

 

Andre oppgåver knytt til miljøforvaltning kan og bli aktuelle. Frå 1. januar 2019 vert Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane eit embete. Dette engasjementet skal gjennomføre oppgåver i begge fylker.

Til stillinga vert det kravd høgare teknisk eller naturfagleg utdanning. Praktisk røynsle frå sakshandsaming og tilsyn etter forureiningslova og kjennskap til offentleg forvalting er ein føremon. Det vert elles lagt stor vekt på gode formidlings- og samarbeidsevner, innsatsvilje samt evne til å arbeide sjølvstendig og målretta med forvaltings- og utviklingsoppgåver.

 

Felta gir spennande utfordringar, ikkje minst når det gjeld forvaltningsmessige og miljøfaglege problemstillingar.


Søkjaren må:

- ha høgare utdanning

- ha erfaring frå miljøvernforvaltning

- ha kunnskap om kommunesektoren og offentleg forvaltning

- kunne kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte, skriftleg og munnleg

- kunne arbeide innanfor fristar

- kunne samarbeide nært med andre faggrupper

 

Vi søkjer ein kollega som har erfaring frå og engasjement for miljøforvaltning, og evne til å setje seg inn i aktuelle lovverk og styringsdokument. Vidare søkjer vi ein kollega som ser det som viktig å samarbeide tett med kollegaer, både når det gjeld eigne saker og oppgåver, men og i avdelinga sitt samla arbeid. Vi tek atterhald om endringar i arbeidsoppgåver, arbeidsområde og avdelingstilknyting.

 

Vi tilbyr:

- spanande arbeidsoppgåver som opnar for kontakt med mange fagmiljø

- gode vilkår med omsyn til utveksling av kompetanse med kollegaer i andre sektorar

- eit godt arbeidsmiljø

- strukturerte møtepunkt i avdelinga og fleksible møtepunkt med kollegaer

- løn etter avtale i tråd med verksemda sin lønnspolitikk

- medlemsskap i Statens pensjonskasse

- bedriftsidrettslag

 

Stillinga er lønna i stillingskode 1087 overingeniør/1181 senioringeniør eller 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar med lønn i spenn frå 460 000 til 600 000 kroner etter kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Fylkesmannen følgjer elles statlege tilsetjingsvilkår. Tenestemålet er nynorsk. Fylkesmannen ønskjer mangfald. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte til å søkje, uansett kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

 

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos miljøvernsjef Kjell Kvingedal på tlf. 55 57 23 12, mobil 97 50 40 50 eller e-post fmhokkv@fylkesmannen.no.

 

Du søkjer stillinga gjennom søkjarportalen www.jobbnorge.no. Søkjarar lastar opp relevante vitnemål og attestar i portalen. Dersom du har utdanning frå utlandet må du laste opp NOKUT-godkjenning og godkjende omsettingar av vitnemål. 

 

Vi gjer merksam på at du kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om du ber om konfidensiell handsaming. Dersom ønske om konfidensiell handsaming ikkje blir tatt til følgje, blir du varsla.

 

Søknadsfristen er 31. mai 2018.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Fylkesmannen i Hordaland
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    153020
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Engasjement

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger