Universitetet i Bergen

HR-avdelingen

Rådgjevar (jurist) ved HR-avdelinga

Er du ein jurist som ønskjer å lære meir om og utvike deg innafor arbeidsrettsfeltet i staten?

 

Ved HR-avdelinga er det ledig ei fast stilling som rådgjevar/jurist. Stillinga er lagt til HR-direktøren sin stab, som består av to juristar og ein organisasjonspsykolog.

 

HR- avdelinga bistår og rådgjer universitetet sine leiarar og tilsette i personal- og organisasjonsfaglege spørsmål. Avdelinga har mellom anna ansvar for utvikling og utøving av UiBs personalpolitikk og styrke leiarutvikling gjennom heile organisasjonen, gje leiarstøtte på personalfeltet og sikre og utvikle arbeidsmiljøet.

 

Oppgåvene i stillinga vil spenne frå leiarstøtte og rådgjeving til utgreiingsoppgåver, utvikling og vedlikehald av retningsliner og rutinar. Du vil få høve til å arbeide i eit sterkt fagleg kompetent team i avdelinga og saman med kollegaer i resten av UiB-administrasjonen.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Leiarstøtte og sakshandsaming i prosessar og i enkeltsaker, særleg innan det arbeidsrettslege området
  • Utgreiingsoppgåver og høyringar
  • Utvikling og vedlikehald av rutinar og retningsliner og informasjonsmateriell
  • Arbeidsoppgåver knytt til kollektiv arbeidsrett/tariffavtaler
  • Oppgåver retta mot internasjonale arbeidsforhold

Nye oppgåver kan kome til.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha masterutdanning i rettsvitskap
  • Relevant arbeidserfaring
  • Det er ein fordel med kjennskap til offentleg forvaltning og universitets- og høgskulesektoren
  • Ha stor arbeidskapasitet og vere god på samarbeid og kommunikasjon
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Ha evne til å setje seg raskt inn i nye arbeidsfelt, arbeide sjølvsstendig og ta initiativ

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 62 - 68 (for tida kr 537 700 – 600 200) i det statlege lønsregulativet. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: HR-direktør Sonja Dyrkorn; sonja.dyrkorn@uib.no mobil: 48162687

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    4. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152933
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger