Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Stipendiat i eksperimentell vassisotop meteorologi

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i stipendiat i eksperimentell vassisotop meteorologi med fokus på fordampinga frå Arktiske havområder. Stillinga gjeld eit åremål på 3 år, knytt til ERC Consolidator Grant prosjektet ISLAS (Isotopic Links to Atmospheric Water’s Sources), finansiert gjennom programmet EU-H2020.

 

Om prosjektet:

Den sentrale målsetjinga i ISLAS prosjektet er innsamlinga av eit nytt høgoppløyst datasett som gjenspeglar isotopsamansetjinga i vassdamp i eit område som femnar kring   Norskehavet. Isotopsamansetjinga skal observerast langs transporthistoria for vassdamp med bruk av nyartig instrumentering og metodar for prøvetaking, inkludert målingar med forskningsfly og målingar på bakken. Kunnskap frå målingane skal implementerast i komplekse modellar, slik at ein kan skilje mellom modellfeil frå ulike prosessar, som t.d. fordampning, numerisk diffusjon, konveksjon og mikrofysikk. Innanfor dette stimulerande feltet byd vi på ei 3 år PhD stilling ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen. I tillegg vil det vere mogleg  å søke om ein 12-månaders forskarstilling som vil bli utlyst i etterkant av PhD prosjektet innanfor ISLAS prosjktet.

 

Som stipendiat vil du vere ein del av den nasjonale forskarskolen på klima - Changing Climates in the Coupled Earth System (CHESS) og vere knytt til Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er det største naturvitenskapelige forskingssenteret på klima i Norden og har eit svært internasjonalt miljø med over 200 forskarar frå 37 land.


Arbeidsoppgåver:

Kandidaten vil tar nye målingar av isotopfraksjonering av fordamping i laboratoria og i felt. Målsetjinga er å identifisere isotopsignalet som fordampinga frå havet gjev ved ulike vêrhendingar. Kunnskap om korleis temperatur påverkar diffusjonsfraksjonering vil utfordre forståinga av intens fordampning frå havet i Arktis nærme iskanten. På Svalbard skal det takast vassdampmålingar som skal samanlikning med resultat frå laboratoriearbeidet. PhD prosjektet vil gje sjansen til å sameine laboratorie-, feltarbeid og teori på ein utfordrande måte og resultat skal tett integrerast i  ISLAS-prosjektet.

 

Forskingsplanen vil ha tre sentrale deler:

  • Innsamling av måledata i laboratoriet om diffusjonsfraksjonering mellom oxygen-17 og oxygen-18 i vassdamp for eit temperaturområde mellom 0 og 10°C

  • Testing av laboratoriemålingar i felt gjennom vêrhendingar med mykje fordamping nærme iskanten på Svalbard med hovudfokus på parameterane 17O-excess og d-excess for kinetisk fraksjonering

  • Implementering og testing av effektar endra fraksjoneringskoeffisientane har på isoptopsimuleringar i vêr- og klimamodellar 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i meteorologi, klimadynamikk, fysikk, matematikk, eller eit anna relevant fag, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring og interesse i meteorologi og klima i Arktiske områder
  • Interesse i vitskapleg og tekniske aspektar innan laboratoriearbeid og feltarbeid
  • Erfaring med vitskapleg scripting, programmering og dataanalyse (f. eks. Python, Matlab, R, C++, FORTRAN)
  • Prov på sjølvstende innan forsking og sterke skriftlege eigenskapar
  • Søkjarar må ha gode kunnskapar i engelsk, både skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Søkarar må kunne kommunisere aktivt og ha gode samarbeidsevnprogrammeringer passande for ei større gruppe

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.


Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein PhD- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til PhD- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi kan tilby:

  • ein unik sjanse til å kombinere akademisk forsking med operasjonell vervarsling

  • deltaking i miljø som utvikler neste-generasjon operasjonelle vervarslingsmodeller for Arktis

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternative 8). Dette utgjer ei årslønn på kr 436 900 i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom mastervitnemålet ikkje er ferdig, ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert.

  • relevante attestar

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.


Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Prof. Harald Sodemann, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, epost: harald.sodemann@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Viss oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare informasjon om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    6. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152917
  • Intern-ID
    2018/5440
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger