Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Forskar i global biogeokjemisk hav-modellering

Ved Geofysisk Institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan global biogeokjemisk hav-modellering. Stillinga er for ein periode på 1,5 år og knytt til H2020-prosjektet CRESCENDO og Bjerknessenteret sitt intern prosjekt (BIGCHANGE).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Arbeidet i prosjektet skal mellom anna utbetre prosessbeskriving av den marine biogeokjemiske module i den norske jordsystemmodellen NorESM og evaluering av modellkjøringer i den koblede NorESM (fortid, nåtid, framtid). Kandidaten er forventa å bidra til:

  • Betre modellen for karbon og nitrogen fluxer spesielt mot kontinentalsoklane globalt.
  • Evaluere resultata frå modellprojeksjonane under dagens og framtidige klimaendringar
  • Evaluere dei store fysiske endringane og deira påverknad på havet sin biogeokjemi for Pliocene sett opp mot førindustriell tid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor i oseanografi, meteorologi, fysikk, matematikk, biologi, geologi, eller andre relevante fagområde eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha ein sterk bakgrunn i marin biogeokjemi og klimamodellering og bør ha gode kunnskapar innan jordsystem-dynamikk.
  • Svært gode evnar i programmering av komplekse numeriske modell-kodar og i å utføre simuleringar med generelle sirkulasjonsmodellar på superdatamaskiner vert kravd, i tillegg til analyse av observasjons- og modelldata.
  • Erfaring med den marine biogeokjemiske modellen HAMOCC og jordsystemmodellen NorESM       er ei føremon.
  • Kandidaten må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Kandidaten kjem til å arbeide i eit levande forskingsmiljø og bør ha gode samarbeidsevnar og skal vere pro-aktiv.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 490 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Christoph Heinze, Geofysisk institutt, e-post: christoph.heinze@uib.no, tel.: +47 97557119.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152913
  • Intern-ID
    2018/5129
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger