Universitetet i Bergen

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Universitetslektor

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig 100% fast stilling som universitetslektor i informasjonsvitskap med ønsket startdato 1. august 2018 eller tidlegare

 

Instituttet tilbyr bachelor- og masterprogram i medievitskap og i informasjonsvitskap, tre produksjonsorienterte bachelorprogram innan Journalistikk, medie- og interaksjonsdesign og TV-produksjon, og deltar i tillegg i dei tverrfakultære programma IKT, Kognitiv vitskap, og Retorikk.

 

For meir informasjon om instituttet, forskingsaktivitetar og utdanningstilbod viser vi til www.uib.no/infomedia.

 

Arbeidsoppgåver

Stillinga er ledd i instituttets arbeid med auka studiekvalitet gjennom å styrke studentnær undervisning og oppfølging på bachelornivå. Den som vært tilsett vil i hovudsak arbeide med undervisning og fagleg utvikling av det seminarbaserte undervisningstilbodet i informasjonsvitskap. Stillinga vil ha følgjande hovudoppgåver:

  • Undervisning på det seminarbaserte undervisningstilbodet på informasjonsvitskapleg bachelorprogram

  • Koordinering, rekruttering og mentorering av seminarleiarar i informasjonsvitskap, i samarbeid med studiekonsulent og programråd

  • Faglig utviklingsarbeid knytt til seminartilbodet i samarbeid med programråd og faglærarar

  • Andre undervisningsbidrag på bacheloremne der det er fagleg naturleg

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Den som vert tilsett må:

  • ha mastergrad innan informasjonsvitskap

  • kunne undervise både på norsk og engelsk

  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner

  • dokumentert pedagogisk kompetanse er ein fordel, den som blir tilsett vil bli oppmoda til å styrke sine pedagogiske kvalifikasjonar

Vi kan tilby

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning

  • Årsløn for universitetslektor er lønssteg 47- 59 i det statlege regulativ, pt NOK 415 200,- 507 100,- per år (kode 1009/LR25 i statens regulativ). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderas.

  • Gode trenings- og velferdstilbod

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og faglig arbeid)
  • Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkyndige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane.

 

Søknaden skal merkast: 18/5555

 

Søknadsfrist er 27.5.2018

 

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

 

Til informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seniorkonsulent Liv K. Bugge, tlf. 55 58 41 17, e-post: liv.bugge@uib.no eller førsteamanuensis Richard E. Moe, tlf. 55 58 41 22, e-post: richard.moe@uib.no.

 

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

 

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland,

e-post: bodil.hagland@uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.  Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meir offentleg innsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152902
  • Intern-ID
    18/5555
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger