Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Førsteamanuensis i bioinformatikk, genregulering

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for informatikk, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i bioinformatikk, genregulering.

 

Om instituttet

Instituttet har seks forskingsgruppar: algoritmar, bioinformatikk, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon og visualisering, og har ein sjuande gruppe innan maskinlæring under oppbygging. Instituttet er rangert først i Norge på forskingskvalitet av Forskingsrådet. Utdanninga vi tilbyr dekker dei sentrale delane av informatikk, med høve til spesialisering innafor dei delane av faget kor instituttet har forskingsaktivitet.

 

Stillinga er knytt til bioinformatikkgruppa og er open for kandidatar med kompetanse og forskingsinteresser innanfor feltet genregulering. Bioinformatikkgruppa er organisert som ein del av Computational Biology Unit (CBU), eit senter som er vert for fleire avdelingar ved Universitetet i Bergen.


Arbeidsoppgåver / forskingsområde / stillinga sitt vitskaplege fokus

Førsteamanuensisen skal undervise og rettleie studentar på mastergrads- og ph.d.-nivå. Det vert og forventa at han/ho skal bidra til undervisning av studentar på lågare grad ved instituttet. Førsteamanuensisen skal ha vitskapleg fokus på bioinformatikk med spesialisering mot genregulering og RNA-biologi. Ei vitskapleg tilnærming der eksperimentelt arbeide og berekningsorientert analyse kan samvirke, er verdfullt.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha doktorgrad innan bioinformatikk eller tilsvarande kompetanse.

  • Du må ha spisskompetanse innan genregulering og RNA-biologi.

  • Det er ynskjeleg med erfaring i leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitetar og dertil erfaring frå forskingsstrategisk arbeid.

  • Du må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.

  • Du må kunne dokumentera evne til å innhente ekstern forskingsfinansiering.

  • Du må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskapar

Du må dokumentere dine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning

  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising

  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå

  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat

  • mottekne undervisningsprisar

  • eigne pedagogiske publikasjonar

  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø 

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning. Søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

 

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

 

I tråd med dei generelle reglane ved universitetet kan den som vert tilsett, innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse, verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stilling er knytt til.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 64 - 72 (kode 1011/LR 24.8). Dette utgjer ei årsløn på kr. 558 500 - 650 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

  • førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

Søknaden skal innehalde

  • CV

  • vitnemål og attestar

  • fullstendig publikasjonsliste

  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)

  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs

  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar

  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte

  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Pinar Heggernes.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152847
  • Intern-ID
    2018/3217
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger