Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Stipendiat i isotopklynge-paleoseanografi

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i isotopklynge (clumped isotope)- paleoseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjektet C4T, finansiert av Det Europeiske Forskningsrådet og UiB.

 

Om prosjektet

Isotopklyngetermometri er eit nytt geokjemisk verktøy for å rekonstruere temperatur frå tidlegare tider. I gruppa vår brukar vi metoden på marine mikrofossil (foraminiferar) for å rekonstruere endringar i havtemperaturen gjennom ulike tidsperiodar i kenozoikum. Ein mogleg bruk i doktorgradsprosjektet er rekonstruksjon av havoverflatetemperaturar i Nord-Atlanteren gjennom Pliosen og Pleistosen. 

Arbeidsoppgåver

  • Førebu foraminifer-prøver for analyse (plukking under mikroskop, rensing og veging)
  • Isotopklynge-massespektrometri
  • Datatolking i samarbeid med klimamodellører


Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i geovitskap eller eit relatert fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 31.08.2018. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Førstehandserfaring i geokjemi, fortrinnsvis stabil isotop geokjemi, er ein stor føremon.
  • Tidlegare erfaring frå isotopklyngetermometri er ein føremon.
  • God kjennskap til dataprosesseringsprogram er av stor verdi.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

 

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dr. Nele Meckler, Institutt for geovitenskap, Tel.: +47 55 583530, e-post: nele.meckler@uib.no.

 Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152835
  • Intern-ID
    18/5342
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger