Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Postdoktor i speleothem paleoklimatologi

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor i speleothem paleoklimatologi.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og den er knytt til T-TRAC-prosjektet og SapienCE (Centre for Early Sapiens Behaviour) som er eit nytt senter for framifrå forsking (begge finansiert av det forskingsrådet). Ønska startdato for stillinga er 01.09.2018. 

Om prosjekta

Postdoktoren blir del av eit team som rekonstruerer fortidstemperaturar frå speleothemar frå Borneo og Sør-Afrika. Teamet bruker nye metodar, som til dømes mikrotermometri i væskeinklusjonar, isotopklyngetermometri (clumped isotope thermometry) og isotopmålingar i væskeinklusjonar. Postdoktoren skal vere med å bygge ein ny ekstraksjonsline for væskeinklusjonar for isotopanalyse med dei eksisterande Picarro-instrumenta og vere ansvarleg for isotopklyngetermometri og isotopmålingar i væskeinklusjonar i utvalte prøver. 

Vi har anvendt metodane med suksess i pilotprøvar frå speleothemar frå Borneo og skal nå analysere prøvar som omfattar dei siste 500 000 åra i T-TRAC-prosjektet. Vi skal for det meste bruke prøvar som allereie er daterte og har blitt undersøkte med andre metodar før. I tillegg skal vi prøve å dekkje den siste perioden i tidsserien som ennå ikkje er dokumentert. Postdoktoren skal samarbeide med professor Jess Adkins ved California Institute of Technology for å datere fleire prøvar. Eit opphald ved Caltech er planlagd i fyrste året av prosjektet. 

Analysar av speleothemer frå Sør-Afrika skal bidra til å rekonstruere fortidsmiljøet i perioden 100-50 ka, i samarbeid med arkeologar innanfor det tverrfaglege SapienCE Senter for Fremragende Forskning. Nyare arkeologiske funn framhevar 100-50 ka som ein milestolpe for menneskelege kognitive, teknologiske, og sosiale ferdigheitar i Afrika. Vi må nå undersøkje kor, når og kvifor tidlege menneske begynte å tenke og oppføre seg som vi gjer i dag. Ein viktig del er å betre forståinga av den innverknad endringar i miljøet og klima hadde på denne utviklinga. 

Postdoktoren får moglegheit til å bidra til feltarbeid i Borneo og/eller Sør-Afrika. Tilknyting til både Bjerknesenteret for klimaforskning og SapienCE tilbyr rikelege moglegheiter til tverrfagleg samarbeid. 

Arbeidsoppgåver

  • Prøvepreparering for isotopanalyser i karbonat og væskeinklusjonar
  • Isotopklyngemålingar
  • Bidra til å sette opp ein ekstraksjonslinje for væskeinklusjonar
  • Isotopanalyser i væskeinklusjonar
  • U-Th-datering av stalagmittprøvar i samarbeid med Jess Adkins, Caltech (med støtte frå teknikaren ved Caltech).
  • Med-rettleiing av masterstudentar
  • Datatolking i samarbeid med klimamodellørar 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor geovitskap, miljøvitskap eller ein relatert vitskap, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Tidlegare erfaring innan speleothemforsking vil være ein stor føremon.
  • Førstehandserfaring frå isotopanalyser i karbonat og/eller vatn er av stor verdi.
  • Førstehandserfaring frå analysar av væskeinklusjonar i speleothemar er ein føremon.
  • Erfaring og utmerkte ferdigheiter i eksperimentelt arbeid og teknisk problemløysing er verdifullt.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.  

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.  

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 490 500,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dr. Anna Nele Meckler, Institutt for geovitenskap, nele.meckler@uib.no, Tel +47 555 83530 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152826
  • Intern-ID
    18/5011
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger