Universitetet i Bergen

Institutt for klinisk odontologi

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Overtannlege (40 %) ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for periodonti

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling som overtannlege (40 %) ved Seksjon for periodonti.

 

Overtannlegen har saman med seksjonsleiar ansvar for den kliniske undervisninga i grunnutdanning for studentar på integrert master i odontologi. Dette omfattar ansvar for at den kliniske undervisninga av studentar og spesialistkandidatar vert gjennomført etter studieplanar og faglege prinsipp vedtatt av Det medisinske fakultet og Institutt for klinisk odontologi. Oppfølging av studentanes kliniske progresjon og tilbakemeldingssamtalar på fagklinikken vil vere viktige oppgåver. Vidare sørgje for god pasientbehandling, god ressursdisponering (personell, materialar og utstyr) og god klinisk undervisning ved seksjonen og oppfølging av fagklinikken sitt personale fagleg.

 

Overtannlegen rapporterer til seksjonsleiar ved Seksjon for periodonti. Overtannlegen er saman med seksjonsleiar ansvarleg for at klinikkseksjonen vert drive effektivt og på ein god måte etter lovverk, etablerte strategiar, planar, system og tildelt budsjett. Overtannlegen vil normalt få delegert personalansvaret for dei tilsette i kliniske stillingar ved seksjonen.

 

Det kan også leggast andre oppgåver til stillinga.

 

Kvalifikasjonskrav:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege og vere godkjend spesialist i periodonti på tilsetjingsdato. Ph.d.-grad og pedagogisk utdanning er ønskeleg. Pedagogisk erfaring og omfattande klinisk erfaring er eit krav. Søkjarar utan godkjent spesialitet i periodonti vil kunne verte vurdert.

 

Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta, ha gode leiarevner, gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar, og vere fleksibel og serviceinnstilt. Ved vurderinga vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane og fagkompetansen som er naudsynt for stillinga.

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga og ein funksjonsbeskriving av stillinga kan ein få ved å kontakte overtannlege Dagmar Fosså Bunæs, tlf.: 55 58 66 43, e-post: Dagmar.Bunes@uib.no eller professor Knut N. Leknes, tlf.: 55 58 66 44, e-post: Knut.Leknes@uib.no  

 

Vi kan tilby

  • stillinga er lønt etter lønssteg 68 (kode 1260), for tida 600 200 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 
Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

 

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist:  27.05.2018

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152704
  • Intern-ID
    18/5219 (IVØI)
  • Omfang
    Deltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger