Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Vitskaplig assistent (40 %) i prosjektet «Machine Vision» ved Institutt for lingvistiske, litterær og estetiske studium

Ei 40 % stilling som vitskapleg assistent er ledig ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium i samband med ERC-prosjektet Machine Vision in Everyday Life: Playful Interactions with Visual Technologies in Digital Art, Games, Narratives and Social Media. Prosjektet MACHINE VISION er eit fem-årig prosjekt. Prosjektteamet vil verte leia av professor Jill Walker Rettberg.

 

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid for vitskaplege assistentar kan ikkje overstige to år.

 

Startdato er 1. august 2018.

 

Den som vert tilsett, skal støtte prosjektteamet gjennom følgjande arbeidsoppgåver:

  • Støtte forskarane ved t.d. å gjere litteratursøk, sjekke referansar, legge til rette for intervjuar og feltarbeid, støtte det praktiske arbeidet med ferdigstilling av publikasjonar, formidle forsking og prosjektaktivitet på Twitter, Facebook, web og andre sosiale medium, og koordinere arrangement.

    Delta i søk etter relevante dataspel, forteljingar og kunstverk, samt registering av metadata om desse i ELMCIP-databasen for elektronisk litteratur (http://elmcip.net/knowledgebase).

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning, helst mastergrad og minimum bachelorgrad. Utdanning frå fagområde som digital kultur, medievitskap, kunsthistorie, litteraturfag eller andre relevante fag vil vere ein føremon.

  • Relevant praksis og erfaring frå forsking og prosjektarbeid (til dømes frå arbeid med eigen masteroppgåve eller som vitskapleg assistent) er ein føremon. Erfaring frå formidlings, organisasjons- eller servicearbeid kan også vere relevant.

  • God allmenn IT-kompetanse.

  • Erfaring frå digital humaniora-prosjekt med fokus på utvikling av databasar for registrering av metadata om estetiske, digitale objekt er ein føremon

  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk.

 

Personlege eigenskapar:

  • fleksibel og initiativrik

  • sjølvstendig og ansvarsbevisst

  • effektiv, ryddig og god til å prioritere

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

 

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn for vitskapleg assistent med mastergrad (kode 1020) i lønssteg 42–47 (386 300-416 600 for full stilling)

  • løn for vitskapleg assistent med bachelorgrad (kode 1019) i lønssteg 35-41 (352 500-380 for full stilling)

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

 

Slik søkjer du stilling:

Send søknad og CV elektronisk via linken “SØK STILLINGEN” på denne sida. Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og ev. mastergrad

  • namn og kontaktinformasjon for to referansepersonar

  • relevante attestar

 

Generell informasjon:

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

 

Prosjektleiar Jill Walker Rettberg, e-post; jill.walker.rettberg@uib.no, telefon: 55 58 8431.

 

 

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

 

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 


Søknadsfrist: 25.05.2018

Søknaden må merkast: 18/5514

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    25. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152644
  • Intern-ID
    18/5514
  • Omfang
    Fast 40%
  • Varighet
    Prosjekt

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger