Universitetet i Bergen

Institutt for klinisk odontologi

Stipendiat (3 år)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år.

 

Stillinga er knytt til prosjektet ”Stem Cell Therapy for Bone Regeneration in Maxillofacial and Orthopedic Surgery”, finansiert av Norges forskningsråd (NFR). Prosjektet er nært knytt til eit stort prosjekt finansiert av UIB, BFS, Helse Vest og EU-kommisjonen (H2020). Studiane skal utførast ved Institutt for klinisk odontologi (IKO), UIB i samarbeid med Haukeland Universitetssjukehus og andre nasjonale og internasjonale partnarar.


Prosjekt og oppgaver
Det dynamiske mekaniske miljøet i kroppen er eit viktig stimulus for å drive cellevekst. Derfor er hovudformålet med prosjektet å skape ein "cellefabrikk" bioreaktor som betrar både vekstraten og den ultimate terapeutiske effektiviteten av dyrka stamceller. Studiane som er planlagt å verte utført av doktorgradskandidaten som er inntatt i prosjektet, har til føremål å oppskalere regenerative celleterapiar ved å introdusere nye teknikkar som mekano-kultur for å utnytte det fysiske miljøet, i staden for biokjemiske faktorar for å drive cellevekst.

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte Kamal Mustafa, e-post: kamal.mustafa@uib.no/ telefon: 55 58 60 97
 
Kvalifikasjoner og kvaliteter

  • relevant mastergrad.
  • erfaring innan feltet bioteknologi og bioengineering, klinisk oversettimg og grunnleggande stamcellebiologi.
  • har først og fremst erfaring frå relevante forskingsprosjekt ved bruk av dynamisk cellekultur.
  • det er ønskeleg om kandidaten har erfaring med isolering og utviding av mesenkymale stamcellar.
  • flytande munnleg og skriftleg engelsk
  • Personlege ferdigheitar vil verte vektlagt; skal kunne jobbe sjølvstendig og i team.
  • Ansvarleg og motivasjon vil verte vurdert

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga  samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå krav om engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

 

Forskarutdanning

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på

3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

 

Stipendiatstilling

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje

tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

 

Vi kan tilby:

  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017/lønsramme 20.8), for tida kr 436 900, ved tilsetjing. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 52, for tida kr 451 300. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 58, for tida kr 499 600. (kode 1017/lønsramme 20.15)
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslas om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknaden skal innehalde

Send CV og søknad med vedlegg via lenkje og legg ved:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • attesterte kopiar av vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga  samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

 

Søknadane vert sende elektronisk til den sakkunnige nemnda. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152625
  • Intern-ID
    18/5498
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger