Universitetet i Bergen

Fakultetsadministrasjonen

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Rådgjevar (vikariat)

Ved Det medisinske fakultet, økonomiseksjonen, er det ledig eit vikariat i 100% stilling som rådgjevar frå snarast mogleg til 31. mai 2019.

 

Det medisinske fakultet har 1200 tilsette, om lag 1900 studentar og ei omsetning på over 900 millionar kroner. Ein fjerdedel av midlane kjem frå eksternt finansierte prosjekt.

Økonomiseksjonen har fire tilsette og jobbar i nært samarbeid med over 20 økonomar ved dei fem institutta ved fakultetet. Fakultetet har ambisjonar om vekst og driv endrings-prosessar for å verte betre.

 

Vi ser etter ein økonom med god økonomi- og regnskapsforståing, ein som er

løysningsorientert og god til å samarbeide med andre og som kan bidra til heilskapleg og god kvalitet på økonomisk data og analyser.

 

Rådgjevaren vil vere med å prege utviklinga av den samla økonomifunksjonen og økonomistyringa ved fakultetet. Vedkomande er del av eit kompetent og utviklande fagmiljø med mange interessante og spanande utviklingsprosjekt. Rådgjevaren vil jobbe tett med økonomikoordinatorane ved institutta, blant anna med å forbetre arbeidet med prognosar og rapportering.

 

Hovudoppgåver

  • vidareutvikle verkty for budsjettering og prognosearbeid
  • økonomirapportering og oppfølging
  • vidareutvikle rapportar, styrings- og leiingsverkty
  • initiere og delta i forbetringsprosessar
  • bidra aktivt til økonomifagleg utvikling
  • delta i arbeidet med søknader til eksternt finansierte prosjekt
  • analyse- og utgreiingsarbeid knytt til konkrete prosjekt

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fakultetsdirektør Heidi Annette Espedal tlf. 55 58 65 55, e-post heidi.annette.espedal@uib.no,eller assisterande fakultetsdirektør og leiar for økonomiseksjonen Ørjan Hauge, tlf. 55 58 21 89/924 36 716, e-post orjan.hauge@uib.no.

 

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • utdanning på mastergradsnivå innan økonomistyring. Tilsvarande kvalifikasjonar kan oppnåast gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning
  • relevant praksis frå økonomistyring og kvalitetsutvikling
  • gode analytiske eigenskapar tilpassa arbeidsoppgåvene
  • god kompetanse i bruk av dataverktøyet Excel
  • evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta initiativ
  • særs gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt

  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling

  • stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 60-65 (for tida kr 517 700 – 569 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og tilsetje personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga

  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar

  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152617
  • Intern-ID
    18/5434
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger