Universitetet i Bergen

Forskningsadministrativ avdeling

Seniorrådgjevar – forskingsadministrativ rådgjeving

Vil du vere med og bidra til å realisere UiBs strategiske mål innan forsking, utdanning, innovasjon og formidling?

Ved Forskingsadministrativ avdeling er det ledig ei stilling som seniorrådgjevar som skal jobbe med rådgjeving knytt til eksternfinansiering av forsking. Du vil arbeide i eit team med engasjerte og dyktige kollegaer, og vi planlegg nå å styrke dette teamet med ei stilling som har bakgrunn frå samfunnsvitskap eller humaniora. Vi ynskjer deg velkomen til å vere med på dette laget.

Forskingsadministrativ avdeling er ein del av den sentrale administrasjonen ved UiB, og tel om lag 24 medarbeidarar. Avdelinga gjev service, råd og støtte til universitetsleiinga, fakulteta og forskarar. Ein stor del av forskinga ved universitetet er finansiert av midlar henta frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder, og den forskingsadministrative spisskompetansen har stor betyding i dette arbeidet.

Stillinga inneber mykje kontakt med forskarar og forskingsadministratorar i ulike fagmiljø ved universitetet og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar. Som seniorrådgjevar vil du arbeide med rådgjeving og støtte til prosjektsøknadar, og du vil mellom anna være ansvarleg for enkelte delar av programområda til EU, Norges forskingsråd og andre finansieringskjelder både nasjonalt og internasjonalt.

Rådgjevaren skal mellom anna:
• gje råd og støtte til forskarar som skal søkje om eksternfinansiering
• rettleie, utgreie og koordinere arbeid i samband med forskarar
• kvalitetssikre og utvikle rutinar for søknadsarbeidet

Du har:
• utdanning på ph.d.-nivå eller tilsvarande
• bakgrunn frå samfunnsvitskap eller humaniora
• erfaring med NFR og EU sine forskingsprogram, eller tilsvarande
• solid saksbehandlingserfaring og grundig kjennskap til det norske universitets- og forskingssystemet
• god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Du er:
• ein pådrivar med stor arbeidskapasitet
• ein relasjonsbyggjar med gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
• serviceinnstilt og fleksibel
• systematisk, analytisk og med evne til å arbeide sjølvstendig

Vi legg vekt på:
• relevant og brei erfaring
• personlege eigenskapar naudsynt for stillinga

Vi kan tilby:
• ei avdeling i spanande utvikling
• utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
• triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med stor fagleg tyngde
• løn som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68-74 (tida kr 600 200 - 673 800) i det statlege lønsregulativet for. For særskilt kvalifiserte 
søkjarar kan ein vurdere høgare løn
• medlemsskap i Statens pensjonskasse
• stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
• gode velferdsordningar

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby.

Generellle opplysningar:

Kontaktperson for stillinga: fungerande avdelingsdirektør Christen Soleim: +47 414 79 181. Stillinga kan tilleggas andre oppgåver etter behov. 
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Viss oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
 Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152596
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger