Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag
1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Førsteamanuensis/Førstelektor i sjukepleie

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig fast stilling som Førsteamanuensis/Førstelektor i sjukepleie ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, campus Førde.


Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. I tillegg er fire forskingssenter knytt til fakultetet innan fagområda samhandling, helseforsking, kunnskapsbasert praksis og omsorgsforsking.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og kring 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanning i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • undervisning, rettleiing av studentar i teoretiske emne og praksisstudium
  • forsking, formidling og fagleg utviklingsarbeid
  • bidra til å utvikle og styrke den sjukepleiefaglege kompetansen i utdanningsprogramma
  • deltaking i systematisk kompetanseoppbygging i samsvar med fagseksjonane sine behov
  • ein må pårekne arbeidsoppgåver innanfor fleire område av sjukepleie- og helsefag. Ved tilsetjing som førsteamanuensis/førstelektor vil det til stillinga også ligge oppgåver knytt til rettleiing av fagtilsett i kompetanseløp.
  • det er ønskjeleg at søkjaren presenterer sine forskingsinteresser i søknaden.

Kvalifikasjonar:

  • autorisasjon som sjukepleiar.
  • doktorgrad eller vitskapleg kompetanse på tilsvarande nivå. Tilsetting som førstelektor bygger på dokumentasjon av både vitskaplege/fagleg og pedagogiske kvalifikasjonar. Utdanning tatt utanfor Noreg, skal vere godkjent og stadfesta av NOKUT. Ved rangering av kompetente søkjarar, blir det lagt vekt på formell kompetanse, undervisningserfaring og dokumentert forsking- og formidlingsinnsats innan relevante fagområder. Kvalifikasjonane vil også bli vurdert i høve til den faglege samansetjinga i fagseksjonen.
  • kompetanse innan spesialist – og eller kommunehelsetenesta
  • pedagogisk utdanning
  • god engelskkunnskap, skriftleg og munnleg
  • førarkort klasse B

Ønska kvalifikasjonar:

  • vi ønskjer tilsette som kan bidra med engasjement i det offentlege ordskiftet

Personlige eigenskaper:

  • det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som fleksibilitet, initiativ, omstillingsevne, stabilitet og samarbeidsevne.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli kalla inn til intervju, og kan bli bedt om å halde prøveforelesing.
Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing, må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Undervisningsspråket er norsk. Søkjarar som ikkje meistrer norsk eller eit anna skandinavisk språk må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år frå tilsettingsdato.

Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stilling som førsteamanuensis/førstelektor, kan det vere aktuelt å tilsette i mellombels stilling som høgskulelektor i eitt år.

Vi tilbyr:

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/1198
Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Vi tilbyr elles:

  • gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • fleksitid jfr. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • moglegheit for trening i arbeidstida
  • moglegheit for dekking av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekking av flyttekostnader

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder vitskapleg arbeid (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.


Søknadene blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Heimeside

Kontaktperson(er) ved Høgskulen på Vestlandet er:

Fagseksjonsleiar, Anny Aasprang, 57 67 76 13
Rådgjevar, Hanne Halland Eide, 57 67 76 72

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Nettside
  • Kommune
    Førde
  • Arbeidssted
    Campus Førde
  • Jobbnorge-ID
    152592
  • Intern-ID
    18/02956
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger