Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Førsteamanuensisstilling i nordisk språkvitskap (tekstforsking) ved Institutt for lingvistiske, lit

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei 100 % fast stilling som førsteamanuensis i nordisk språkvitskap frå 1. august 2019.

 

LLE har rundt 60 vitskapleg tilsette, 15 administrativt tilsette, kring 50 ph.d.-kandidatar og i tillegg andre i mellombelse engasjement. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norsk som andrespråk, norrøn filologi, språkvitskap og teatervitskap.

 

Av dei fast tilsette ved LLE arbeider om lag ti med nordisk språkvitskap, inkl. norsk som andrespråk og språkdidaktikk. Studietilbodet femner om bachelorprogram og masterprogram i nordisk språk og litteratur, bachelorprogram i norsk som andrespråk, lektorutdanning i nordisk, erfaringsbasert masterutdanning i undervisning i norsk, praktisk-pedagogisk utdanning (didaktikk) og vidareutdanning/fjernundervisning i nordisk språk og litteratur og i norsk som andrespråk.

 

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsområdet for den som vert tilsett, omfattar forsking, rettleiing og undervisning i nordisk språkvitskap og norsk som andrespråk (studiefaget). Lærarutdanning er ei sentral oppgåve, så tilhøvet til fagdidaktikken er nært.

 

Den som vert tilsett, skal ta del i undervisning, rettleiing og eksamensarbeid for studentar på alle nivå og i alle dei programma der nordisk språkvitskap og norsk som andrespråk inngår. På grunnivået må han eller ho vere budd på å undervise i store delar av den breidda som disiplinane spenner om. På høgre nivå vil det vere meir rom for at den tilsette underviser mest på felt der han eller ho har særleg kompetanse. Det er eit krav at alle tilsette, utan omsyn til vitskapleg spesialisering, syner ansvar for heilskapen i det faglege miljøet og gjer sitt til at undervisningstilbodet kan haldast oppe og utviklast.

 

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor normal arbeidsplikt og fagleg kompetanse kan den som vert tilsett, òg verte pålagd undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

 

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking. Han eller ho vil òg få ulike fagleg-administrative oppgåver. Ved fakultetet og instituttet legg ein vekt på vilje og evne til å drive fagleg formidling og delta i aktuell samfunnsdebatt om faglege tema.

 

Fagmiljøet i nordisk språk samarbeider med dei nasjonale Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket, og det er ønskjeleg å styrkje utnyttinga av samlingane i forsking og undervisning.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande. Den som vert tilsett, må ha eit forskingstyngdepunkt i tekstforsking, med klart fokus på norsk, norsk som andrespråk eller eit anna nordisk språk.

 

Den som vert tilsett, skal bidra til styrking av tekstforskinga i forskargruppa i nordisk språk. Fagmiljøet arbeider strategisk med å utvikle ein tekstforskingsprofil som òg kan samverke med grammatikkforskinga i forskargruppa. Det er derfor primært ønskjeleg at den som vert tilsett, har forska på t.d. språkleg stil, biletleg språk, språket i elev- og innlærartekstar, fag- og sakprosaspråk, klarspråk, tekstsamanheng og -struktur, sekundært òg felt som pragmatikk, retorikk, argumentasjon, sakprosasjangrar, lesbarheit og skrivedidaktikk. Denne prioriteringa vil bli lagd til grunn dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar.

 

Det vil bli positivt vektlagt om søkjaren har forska, undervist eller har utdanning i kvantitative metodar eller har drive med nynorskforsking, og elles har kompetanse i dei ulike disiplinane innanfor nordisk språkvitskap, norsk som andrespråk og norskdidaktikk.

 

Den som vert tilsett, skal òg arbeide aktivt for å fremje forskingssamarbeid utetter. Det er ein fordel med røynsle frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. Erfaring frå forskingsformidling vert òg positivt vektlagt.

 

Den som vert tilsett, må kunne undervise på eit skandinavisk språk frå tilsetting. Han eller ho skal gi studentane opplæring og rettleiing i bruk av skriftleg bokmål og nynorsk og må derfor dokumentere tilstrekkeleg kompetanse i begge målformene. Vedkommande må òg kunne undervise på engelsk.

 

Den som vert tilsett, må kunne dokumentere gode undervisningskvalifikasjonar eller tilsvarande røynsle. Han eller ho må kunne gi undervisning på alle nivå og gi rettleiing på mastergrads- og doktorgradsnivå. Det vert gitt tilbod om opplæring i pedagogikk dersom kravet ikkje er oppfylt.

 

Den som vert tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner

 

Om det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar for fast tilsetjing, kan det bli aktuelt med mellombels tilsetjing som førsteamanuensis for ein periode på inntil tre år, dersom det er sannsynleg at vedkommande vil oppnå doktorgradskompetanse i løpet av denne perioden. Når tilsetjingsperioden går ut, vil kompetansen til vedkommande bli vurdert på nytt med tanke på fast tilsetjing. Søkjarar utan doktorgrad må ha mastergrad eller hovudfag i nordisk språkvitskap, eller tilsvarande kompetanse.

 

Vi kan tilby:

  • Løn etter lønssteg 60 (for tida NOK: 517 300) for førsteamanuensis (kode 1011/lønsramme 24) i statens regulativ. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

Kontaktinformasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få gjennom å ta kontakt med instituttleiar Johan Myking per e-post johan.myking@uib.no eller tlf. 55 58 24 18 eller professor Torodd Kinn per e-post torodd.kinn@uib.no eller tlf. 55 58 84 49.

 

Slik søkjer du på stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via link på denne sida «SØK STILLINGEN»

 

Dette må følgje den elektroniske søknaden:

  • CV

  • Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular

  • Informasjon om og dokumentasjon av pedagogisk innsats og kvalifikasjonar

  • Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd

  • Publikasjonsliste

  • Inntil 5 vitskaplege arbeid

  • Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar

 

Den sakkunnige komiteen kan be om supplerande dokumentasjon.

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

 

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju og prøveforelesing.

 

Spørsmål til den elektroniske søker prosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

 

Andre opplysningar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 01.08.2018

Søknaden skal merkjast: 18/5491

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152588
  • Intern-ID
    18/5491
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger