Universitetet i Bergen

Det samfunnsvitenskapelige fakultet

2 delstillingar som konsulent

Det samfunnsvitskaplege fakultet ønskjer deg velkomen som søkjar til to faste delstillingar i 20 % med hovudoppgåver knytt til fakultetet sine førstelinjetenester. Dei som blir tilsett vil inngå i eit team av engasjerte og motiverte medarbeidar. Deira viktigsta oppgåve er å yte brukarstøtte og service til studentar, tilsette, gjester og publikum.

 

For meir informasjon om fakultetet viser vil til http://www.uib.no/svf/

 

Arbeidsoppgåver

  • Yte tenester til studentar, tilsette og gjester som tar kontakt i informasjonssenteret eller per telefon/e-post

  • Oppdatere informasjon på studentsidene til fakultetet

  • Daglege driftsfunksjonar som mottak av post, bestilling av varer og tenester 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på bachelornivå
  • Relevant praksis
  • God IKT-kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer medarbeidarar som

  • er imøtekommande, fleksibel og serviceinnstilt

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • arbeider systematisk og er løysingsorientert 

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

 

Vi kan tilby

  • Allsidige stillingar med særleg vekt på servicetenester
  • Eit godt fagleg og sosialt miljø med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Løn som konsulent (kode 1065) etter lønssteg 33-44 avhengig av kompetanse og tenesteansiennitet. Årsløn i 100 % stilling utgjer for tida 344 700 – 398 100.
  • Gode velferds- og treningstilbod.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. 

Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med hege.aarethun@uib.no eller beathe.moldestad@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via ”Søk stillingen”.


Søknadsfristen er: 22.mai 2018

 

Merk søknaden: 18/ 5040

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152572
  • Intern-ID
    18/5040
  • Omfang
    Deltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger