Universitetet i Bergen

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Forskar II (2 bistillingar)

Ved Det Medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig to (2) mellombels åremålsstillingar som forskar (20 % bistilling). Stillingane er for ein periode på fire (4) år frå og med 1. august, 2018, med moglegheit for forlenging. Stillingane er knytt til fast relevant hovudstilling utanfor UiB.

Stillingane er finansiert av Noregs forskingsråd og er knytt til prosjektet ”Development of job-exposure-models for risk assessment of benzene exposure”.

 

Prosjektet

Arbeidstakarar på offshore-installasjonar blir eksponert for blant anna benzen når dei opnar prosessanlegga for å utføre ulike arbeidsoppgåver. Forsking dei siste åra har vist at eksponering for benzen kan medføre blodkreft ved lågare konsentrasjonar enn ved dagens grenseverdi i arbeidsmiljøet. Sidan «sikkert» eksponeringsnivå for benzen er på veg nedover må kvaliteten på dagens modellar for risikovurdering av benzen-eksponering blant arbeidstakarar offshore bli betre. Dette prosjektet vil utvikle modellar for å estimere nivået av benzen-eksponering under ulike forhold. Vi vil identifisere dei viktigaste faktorane som bidreg til benzen-eksponering, og vil dermed kunne nyttast til å vurdere tiltak for å redusere eksponeringa. Kvaliteten av modellane vil bli testa ved å samanlikne resultata med nye eksponeringsmålingar av benzen.

Forskaren vil vere medlem av Forskargruppa for arbeids- og miljømedisin ved Universitetet i Bergen.

 

Hovudoppgåver

Arbeidsoppgåver lagt til stillinga er å bidra i arbeidet med planlegging, gjennomføring og analyse av resultat frå datainnsamlinga i prosjektet, samt med rettleiing av ph.d.-stipendiat som er tilsett i dette prosjektet.

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Magne Bråtveit, tlf. 55 58 60 73/992 05 955, e-post: Magne.Bratveit@uib.no.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • søkjar må ha relevant ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad

  • det er ønskjeleg at forskaren har vitskaplege kvalifikasjonar innan kjemisk eksponering/yrkeshygiene, det vert lagt spesiell vekt på slik kunnskap relatert til olje- og gassindustrien

  • erfaring frå forsking innan yrkeshygiene/kjemisk eksponering vil og bli tillagt stor vekt

  • det er eit ønskje at søkjar har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar

  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjar

  • søkjar må høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking

  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk

  • det er ein føremon om søkjar har erfaring frå internasjonalt samarbeid

 

Vi kan tilby

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan arbeids- og miljømedisin

  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 508 800 – 537 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse

  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

 

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknad

Du sender søknaden med vedlegg elektronisk via Jobbnorge ved å klikke på knappen merka «søk på jobben».

 

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne

  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)

  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)

  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse

  • doktorgradsavhandlinga

  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

 

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

 

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152565
  • Intern-ID
    18/5329
  • Omfang
    Fast 20%
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger