Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Førsteamanuensis/ førstelektor / høgskulelektor i matematikkdidaktikk/ matematikk - vikariat

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen, er det ledig inntil 3 vikariat som førsteamanuensis/ førstelektor /høgskulelektor i 100% for perioden 01.08.18-31.07.19.


Stillingane er lagt til fagmiløet i matematikkdidaktikk ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolkning. Oppstarttidspunkt er 01.08.18


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett  har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

 

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet årsstudium i engelsk, masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.

 

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I  denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med  viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ansvars- og arbeidsområder

Stillingane er knytt til matematikk i grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanninga, samt eksternt finansierte kurs. Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering og deltaking i vidareutvikling av studietilbodene.

 

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha fagleg kompetanse på master- / doktorgradsnivå innanfor matematikkdidaktikk .

Dersom søkjar har master-/doktorgrad innan matematikk eller eit tilsvarande fag, krevs det dokumentert matematikkdidaktisk kompetanse på grunnlag av utdanning, undervisning eller rettleiing.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men og ha evne til å arbeide sjølvstendig. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkrevd. Undervisningsspråket vil vere norsk og søkjar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

 

Tilleggskrav:

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det bli lagt vekt på:

  • Allsidigheit og relevant yrkeserfaring, særleg frå arbeid i skule/barnehage 
  • Dokumentert fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid og/eller vitskapleg arbeid
  • Høgskolepedagogisk kompetanse
  • Evne til deltaking i fagleg utvikling og miljøbygging
  • Det vil bli vurdert om søkaren er personleg eigna for stillinga

 

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga»” på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

 

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

 

Aktuelle søkarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju

 

Lønnsvilkår

Førsteamanuensis blir lønt etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor blir lønt etter Statens regulativ, stillingskode 1198

Høgskulelektor blir lønt etter Statens regulativ kode 1008.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

 

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

 

Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

 

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

 

Hjemmeside

 

Kontaktpersoner:

Inger Elin Lilland: 55 585756

Kristin Hinna: 55 585940

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    23. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    campus Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152553
  • Intern-ID
    18/03555
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger