Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Førsteamanuensis/førstelektor i kunst og handverk

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Sogndal, er det ledig fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor i kunst og handverk på Institutt for kunstfag.

 

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6000 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. og 5. - 10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Vi har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet er organisert i forskingssenter og –grupper. Fakultetet vart etablert frå 01.01.18 ved at tre avdelingar ved høgskulen vart slått saman.

 

Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet er involvert i utdanningar på bachelor-, master- og Ph.D.-nivå. Fagområda i instituttet omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Tilsette på instituttet er aktive deltakarar i nasjonale og internasjonale forskingsnettverk. Institutt for kunstfag har som mål å vere ei drivkraft for utvikling av fagmiljøet på eit høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Stillinga er i hovudsak knytt til kunst og handverk i grunnskulelærar- og barnehagelærarutdanninga på campus Sogndal.

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  •  Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering, og deltaking i vidareutvikling av studietilboda på campus Sogndal. Ein må rekne med noko reiseverksemd.
  • Forsking og utviklingsarbeid på problemstillingar med relevans til faget ligg også til stillinga og du bør skissere aktuelle forskingstema i søknaden.

Kvalifikasjonar:

  • For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjaren ha doktorgrad innan fagområdet kunst og handverk. For tilsetjing som førstelektor må søkjaren ha dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang tilsvara doktorgrad.               
  • Søkarar må ha erfaring med praktisk arbeid i kunst og handverk i tillegg til teoretisk kunnskap.
  • Søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.          

Dersom det ikkje melder seg fullt ut kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å tilsette midlertidig som høgskulelektor for inntil tre år med sikte på kvalifisering og fast tilsetting.       

                      

Ønskte kvalifikasjonar:

  • Erfaring med enten materialområde tre eller keramikk
  • Høgskolepedagogisk kompetanse, undervisningserfaring og relevant praktisk-pedagogisk kompetanse
  • Dokumentert fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid og/eller vitskapleg arbeid                                 
  • Allsidig og relevant yrkeserfaring, særleg frå arbeid i skule eller barnehage

Personlege eigenskapar:                                                                                                

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men og ha evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta initiativ. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkrevd.  Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det bli lagt vekt på:- Allsidigheit og relevant yrkeserfaring, særleg frå arbeid ved universitet/høgskule og/eller skule/barnehage- Dokumentert fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid og/eller vitskapeleg arbeid- Høgskulepedagogisk kompetanse- Det vert vurdert om søkaren er personleg eigna for stillinga.

Søkarar til stillinga vert vurdert og rangert av eit sakkunnig utval. Aktuelle kandidatar til stillingane vert kalla inn til intervju og bedt om å halde prøveforelesing.      

 

Høgskulepedagogikk/rettleiing: 

Dersom den som blir tilsett ikkje har pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing, må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

 

Sakkyndig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av en sakkyndig komité. Bedømming skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 15 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

 

Vi tilbyr:

Stillinga er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1198 førstelektor / 1011 førsteamanuensis.
Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Fleksitid jfr. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • Moglegheit for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder vitskapleg arbeid (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

 

Søknadene blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

 

Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Heimeside

 

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Instituttleiar Oded Ben-Horin, tlf. 53491456   

Førstelektor Hege Gjerde Sviggum, tlf.67576056                              

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Nettside
  • Kommune
    Sogndal
  • Arbeidssted
    Campus Sogndal
  • Jobbnorge-ID
    152511
  • Intern-ID
    18/02830
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger