Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Stipendiat (4) i informatikk

Ved Institutt for informatikk er det ledig fire stillingar som stipendiat i informatikk. Stillingane er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år. Ein ph.d-grad i informatikk er svært etterspurd innan næringsliv, forvaltning og akademia.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Instituttet driv undervisning og forsking av høgt internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, optimering, visualisering, sikker kommunikasjon og programutviklingsteori. Den som vert tilsett skal arbeide mot en ph.d-grad innanfor eit av desse forskingsretningane. Den som vert tilsett for fire år vil i tillegg ha oppgåver retta mot undervisning, formidling og rekruttering i 25% av tida si.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i informatikk eller matematikk eller eit relatert område, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Masterstudentar kan søkje dersom mastereksamen er planlagt seinast 15.08.2018. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Du må kunne vise til bakgrunn i minst eitt av områda algoritmar, bioinformatikk, optimering, visualisering, sikker kommunikasjon eller programutviklingsteori.

  • Du må ha interesse for forsking og utvikling, og vere nysgjerrig og motivert.

  • Erfaring frå undervisning, til dømes som gruppeleiar, er ein føremon.

  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.

  • Du må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av oppgåver relatert til undervisning, fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • ein klar indikasjon på kva for forskingsretning du ynskjer å ta ei ph.d.-utdanning i, og ei kort prosjektskisse

  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert

  • relevante attestar

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Pinar Heggernes.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152484
  • Intern-ID
    2018/4688
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger