Universitetet i Bergen

Institutt for biomedisin

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Postdoktor (3 år)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei stilling som postdoktor (100%) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet «Computational medical imaging and machine learning – methods, infrastructure and applications» ved det nyoppretta Mohn Medical Imaging and Visualization Center (MMIV), Radiologisk Avdeling, Haukeland universitetssjukehus (https://mmiv.no), og er finansiert av Bergen forskningsstiftelse.

 

Om prosjektet

Prosjektet har som mål å utvikle, innføre, formidle og evaluere maskinlæringsteknikkar i analyse av medisinske bilete og bilete-relaterte data.

 

For å løyse utfordringar knytt til innføring av maskinlæring i medisin må legar og spesialistar ta ei leiande rolle. Prosjektet, som spring ut frå Institutt for biomedisin ved UiB og Institutt for data- og realfag ved HVL, er difor tett kopla til sjukehusavdelingar der data samlas inn og diagnostiske avgjerder vert teke. Forskinga vert utført i tett samarbeid med kliniske forskarar, noko som sikrar resultata sin relevans og aukar deira potensielle innverknad. Prosjektet involverer ei rekkje forskarar i Bergen, både kliniske og metodiske, i tillegg til nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar frå leiande forskingsmiljø.

 

Det overordna målet er å bidra til auka grad av persontilpassa medisin og forbetra støtte til avgjerder for diagnose, prognose og terapi ved sjukdom og tilstandar der bilete er ei viktig kjelde til informasjon.

 

Hovudoppgåver

Postdoktoren vil arbeide med både metodeutvikling og anvendelsar. 

  • arbeidet vil bli utført i ei interdisiplinær forskingsgruppe som består av forskarar frå biomedisin, matematikk, statistikk og informatikk, i tett samarbeid med klinikarar

  • MMIV har tilgang til «state-of-the-art» biletedannande infrastruktur med dei nyaste scanner-modellane frå Siemens og General Electric (GE 3TMR 750 Discovery, Siemens Prisma 3T, Siemens Skyra 3T, Siemens Biograph mMR PET/MR (frå september 2018), Siemens Biograph Vision PET/CT)

  • søkjar vil også få tilgang til MMIV’s infrastruktur for berekningar, som består av kraftige arbeidsstasjonar utstyrt med NVIDIA GPU-ar (til dømes GeForce 1080Ti og Titan V). Sjukehuset arbeider med å oppretta ein ny high-performance infrastruktur for data-analyse og maskinlæring, og denne vil bli tilgjengeleg for MMIV

  • postdoktoren vil ha ei aktiv rolle i innføringa av neste-generasjons teknologi for medisinsk bilete-prosessering og -analyse

  • aktuelle anvendelsar (avhengig av kandidaten sin bakgrunn og interesser) inkluderer hjerne (nevrodegenerasjon, tumor, slag, MS), prostata (kreft), nyre (CKD, kreft), gastroenterologi (hjerne-tarm-mikrobiota), gynekologisk kreft, og hjarteavbilding

  • postdoktoren vert oppmoda om å ta del i rettleiing av MSc- og ph.d.-kandidatar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan fås ved å vende seg til professor Arvid Lundervold, e-post: arvid.lundervold@uib.no, telefon: 91561824.

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi søkjer sterkt motiverte personer med erfaring innan maskinlæring retta mot medisinske bilete.  

  • Søkjar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad for tilsetjing at avhandlinga er godkjend

  • Gode programmeringsferdigheiter er eit krav. Søkjar vert oppmoda om å leggje ved ei lenkje til sin GitHub-profil eller tilsvarande dokumentasjon på programmeringsferdigheiter

  • Søkjar med erfaring innan både maskinlæring og medisinsk bileteanalyse (med bruk av til dømes scikit-learn, TensorFlow, PyTorch, Keras, scikit-image, R, MATLAB, ITK-SNAP, Nilearn, FreeSurfer) er spesielt velkomne til å søkje stillinga

  • Søkjar må kunne nytte munnleg og skriftleg engelsk på høgt nivå

  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar slik som sjølvstendig arbeid, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking

 

Vi kan tilby

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan berekningsorientert medisinsk biletbehandling og maskinlæring, med tilgang til svært interessant datamateriale og viktige forskingsspørsmål

  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24.1) for tida kr 490 000, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 508 800, med spesialistutdanning lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 527 500, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse

  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgjevar ved å gå inn på nettsida:http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Nærare om tilsetjingsprosessenher.

 

Om postdoktor stillingar

Føremålet med stillingane er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidareføring av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innafor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillingane har som hovudmål å kvalifisere dei som vert tilsette for arbeid i faglege toppstillingar.

 

Det er eit mål at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram. Det vert vanlegvis ikkje gjeve permisjon for andre føremål enn det som er fastlagt ved lov.

 

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

 

Postdoktorstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved UiB. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Vi gjer deg difor merksam på at opplysningar om deg som søkjar kan gjerast offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert du varsla om dette.

 

Slik søkjer du stillinga

Send søknad som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du skriv noko om din motivasjon for stillinga og kvifor du søkjer

  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)

  • publikasjonsliste

  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    10. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152442
  • Intern-ID
    18/4873
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger