Universitetet i Bergen

Institutt for biomedisin

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Stipendiat (4 år)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) i berekningsorientert bilethandsaming og maskinlæring. Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

 

Stillinga er knytt til prosjektet «Computational medical imaging and machine learning – methods, infrastructure and applications» ved det nyoppretta Mohn Medical Imaging and Visualization Center (MMIV), Radiologisk Avdeling, Haukeland universitetssjukehus (https://mmiv.no), og er finansiert av Universitetet i Bergen.

 

Prosjekt og arbeidsoppgåver

Prosjektet har som mål å utvikle, innføre, formidle og evaluere maskinlæringsteknikkar i analyse av medisinske bilete og bileterelaterte data.

 

For å løyse utfordringar knytt til innføring av maskinlæring i medisin må legar og spesialistar ta ei leiande rolle. Prosjektet, som spring ut frå Institutt for biomedisin ved UiB og Institutt for data- og realfag ved HVL, er difor tett kopla til sjukehusavdelingar der data samlas inn og diagnostiske avgjerder vert teke. Forskinga vert utført i tett samarbeid med kliniske forskarar, noko som sikrar resultata sin relevans og aukar deira potensielle innverknad. Prosjektet involverer ei rekkje forskarar i Bergen, både kliniske og metodiske, i tillegg til nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar frå leiande forskingsmiljø.

 

Det overordna målet er å bidra til auka grad av persontilpassa medisin og forbetra støtte til avgjerder for diagnose, prognose og terapi ved sjukdom og tilstandar der bilete er ei viktig kjelde til informasjon.

 

Stipendiaten vil arbeide med både metodeutvikling og anvendelsar. 

  • Arbeidet vil bli utført i ei interdisiplinær forskingsgruppe som består av forskarar frå biomedisin, matematikk, statistikk og informatikk, i tett samarbeid med klinikarar

  • MMIV har tilgang til «state-of-the-art» biletedannande infrastruktur med dei nyaste scanner-modellane frå Siemens og General Electric (GE 3TMR 750 Discovery, Siemens Prisma 3T, Siemens Skyra 3T, Siemens Biograph mMR PET/MR (frå september 2018), Siemens Biograph Vision PET/CT).

  • Stipendiaten vil også få tilgang til MMIV’s infrastruktur for berekningar, som består av kraftige arbeidsstasjonar utstyrt med NVIDIA GPU-ar (til dømes GeForce 1080Ti og Titan V). Sjukehuset arbeider med å oppretta ein ny high-performance infrastruktur for data-analyse og maskinlæring, og denne vil bli tilgjengeleg for MMIV

  • Stipendiaten vil ha ei aktiv rolle i innføringa av neste-generasjons teknologi for medisinsk bilete-prosessering og -analyse

Stipendiaten vil arbeide med metoder for preklinisk og klinisk avbilding, og omfattar bilet-segmentering, bilet-basert modellereing og inkorporering av kliniske data og data frå andre kjeldar (t.d. -omics data), i hypose-dreven og data-dreven analyse med bruk av maskinlæring metoder og moderne programvare-rammeverk.

 

Nokre spesifikke applikasjonar som stipendiaten vil arbeide med (avhengig av kandidatens bakgrunn og interessar) er fylgjande:

  • Hjerne-tarm aksen: identifisering og kvantifisering av strukturell og funksjonell hjerne-konnektivitets-signaturer og gastrointestinale motilitets-mønstre hos IBS pasientar med bruk av avansert nevro- og abdominal avbilding.

  • Funksjonell nyreavbilding: Nyre-segmentering frå MRI, estimering av glomerular filtrasjonsrate (GFR) ved bruk av farmakokinetisk modellering

  • Bilet-baserte biomarkørar for prediksjon av utkomst-variable ved prostata- eller gynekologisk kreft (radiomics)

  • Nevrologiske sjukdommer som hjernetumor, slag, MS og nevrodegenerative sjukdom, undersøkt med multimodal strukturell og funksjonell hjerne-avbilding (t.d. sMRI, dMRI, fMRI, pMRI og DCE-MRI), og metoder som t.d. hjerne-nettverk analyse, morfometri og modell-baserte tilnærmingar innanfor eit maskinlærings-rammeverk

  • I løpet av stipendiat-perioden oppmodar vi kandidaten å gjennomføre eit minst tre månaders forskings-opphald hos ein av våre internasjonale samarbeidspartnere fra USA (Mayo Clinic), Sveits (ETH), Tyskland (Zuse Institute), Frankrike (ISIMA), Luxembourg (LIH), Polen (TUL), eller eit anna forskingsmiljø som høvar for prosjektet.

For nærare opplysningar om stillinga kan ein vende seg til professor Arvid Lundervold, e-post: arvid.lundervold@uib.no, telefon: 91561824.

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Godkjend mastergrad i biomedisin, naturvitskap, eller anna relevant mastergrad knytta til bilteanalyse, statistikk, maskinlæring, bereknings-orientert medisin, bioinformatikk eller liknande. Cand.med med liknande tidligare utdanning oppmodas også til å søke

  • Gode programmeringsferdigheiter er eit krav. Søkjar vert oppmoda om å leggje ved ei lenkje til sin GitHub-profil eller tilsvarande dokumentasjon på programmeringsferdigheiter

  • Kandidatar med erfaring i både maskinlæring og medisinsk biletanalyse er særleg velkomne til å søkja

  • Erfaring frå relevant forskingsprosjekt er ein føremon

  • God skriftleg og munnleg engelsk

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd; Må kunne arbeide sjølvstendig og i team. Ansvarsmedvit og motivasjon vil bli vektlagd

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjåwww.nokut.nofor meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Language qualifications: http://www.uib.no/en/med/115526/english-language-requirements-phd-admission

Forskarutdanning

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål.

 

Som stipendiat ved Det medisinske fakultet skal du delta i eit godkjent program for ei doktorgrad innanfor den fastlagde tidsramma.

 

Du må vere teken opp i doktorgradsprogrammet ved fakultetet for å kunne vere stipendiat. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

 

Stipendiatstilling

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan berekningsorientert medisinsk biletbehandling og maskinlæring, med tilgang til svært interessant datamateriale og viktige forskningsspørsmål.

  • Løn etter lønssteg 50 (kode1017/lønsramme 20.8) ved tilsetjing. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 52. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 58 (kode 1017/lønsramme 20.15).

  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse.

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslas om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne

  • attesterte kopiar av vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar

  • søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjåwww.nokut.nofor meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar (TOEFL, Cambridge eller IELTS)

  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til

  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sende elektronisk til den sakkunnige nemnda. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

 

Nærare om tilsetjingsprosessenher.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    10. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152432
  • Intern-ID
    18/4874
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger