Universitetet i Bergen

Institutt for biovitenskap

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Postdoktor i Marin Mikrobiologi – 2 stillingar

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig to stillingar som postdoktor i marin mikrobiologi for ein åremålsperiode på tre år med høve til inntil ytterlegare 6 månader. Stillingane er knytte til forsking på arktisk mikrobiologi som for tida mellom anna er finansiert gjennom prosjekta Arven etter Nansen (The Nansen Legacy, http://nansenlegacy.org), HAVOC (norsk partnar i det tyske MOSAiC programmet, http://www.mosaicobservatory.org/) og AquaCosm (https://www.aquacosm.eu/).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Forskinga omfattar mikrobielle biogeokjemiske prosessar og diversitet i arktiske marine økosystem og inkluderer følgande arbeidsoppgåver:

  • Kvantifisere mikrobiell biomasse og aktivitet
  • Fastsetje samansetjing og diversitet i samfunn av bakteriar og virus
  • Eksperimentelle studiar for å undersøkje den mikrobielle næringskjeda og kva faktorar som påverkar karbonstrøm og biogeokjemiske kretsløp.

Dei som får stillingane, blir pålagt å delta på fleire tokt og feltarbeid i Arktis i 2019–2021. Kvart tokt / feltarbeid vil vare i 1-3 månader. Arbeidet vil og inkludere oppgåver knytt til prosjektadministrasjon, organisering av prosjektmøte og internasjonalt samarbeid knytt til forskingsinfrastruktur (AquaCosm). Undervisning og rettleiing av bachelor-, master- og ph.d.-studentar må og påreknast.

Kvalifikasjonar og eigenskapar 

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor mikrobiologi eller anna relevant fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha publisert vitskaplege arbeid som dokumenterer god forståing av mikrobielle samfunn og biogeokjemiske prosessar i marine økoststem og/eller virusøkologi.
  • Stillingane føresett praktisk erfaring i bruk av vanlege metodar i faget som til dømes flow cytometry for teljing av bakteriar, virus og mikroalgar og/eller solid kompetanse i analyse av sekvensdata frå bakteriar og/eller virus.
  • Erfaring frå tokt og arbeid i arktiske område er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi ønskjer kandidatar med komplementære faglege eigenskapar og kvalifikasjonar, slik at vi får dekka heile breidda av den forskinga som skal gjerast.

Særeigne krav for stillingane er at dei som vert tilsette, må kunne delta på feltarbeid i Arktis og på tokt. Dette krev mellom anna helseattest frå sjømannlege og sikkerheitskurs.

Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett, for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett, manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og inntil ytterlegare 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillingane vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, fylgjer og gjennomfører denne planen i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 490 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, eventuelt ei stadfesting av at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Gunnar Bratbak, e-post: gunnar.bratbak@uib.no / (+47) 55 58 26 58.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    23. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152353
  • Intern-ID
    2018/4818
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger