Universitetet i Bergen

Institutt for sosialantropologi

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

To stillingar som vitskapleg assistent

Ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen, er det ledig to 100 % stillingar som vitskapleg assistent i perioden 6. august 2018 til 9. juni 2019. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

 

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.

Arbeidsoppgåver

  • Være undervisningsassistent for SANT100 og SANT104 eller SANT105 haustsemesteret 2018
  • Lede 3-6 arbeidsgrupper i dei respektive emna. SANT104 og SANT105 vert undervist på engelsk hausten 2018, så ein arbeidsgruppe vil være på engelsk
  • Kommentere obligatoriske oppgåver
  • Ha ei mentorrolle for bachelorstudentar i sosialantropologi, spesielt dei heilt ferske studentane
  • Førefallande arbeid for instituttet i periodar det er færre oppgåver knytt til emne ein er undervisningsassistent i

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i sosialantropologi
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
  • God administrativ IT-kompetanse
  • Relevant arbeidserfaring vil være ein fordel. For undervisningsassistentar som ikkje har pedagogisk opplæring, vil det bli arrangert kurs i seminarpedagogikk i byrjinga av semesteret.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide systematisk, resultatorientert og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel og arbeidsvillig
  • Like å jobbe med menneske og vise engasjement for faget

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 45-47 ved tilsetjing (Lpl.17.515/ kode 1020). For tida mellom 404 000 og 416 600. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd
  • Gode velferdsordningar

Søknad

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida "søk på jobben".

Søknadsfrist: 22.5.2018

Søknaden skal merkast 18/4968

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Til informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Nina Bergheim Dahl, e-post nina.dahl@uib.no, eller tlf. 55 58 94 51.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Anita Helen Spurkeland, e-post anita.spurkeland@uib.no, eller tlf. 55 58 90 58.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152254
  • Intern-ID
    2018/4968
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger