Universitetet i Bergen

IT-avdelingen

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Teknisk prosjektleiar (seniorrådgjevar)

Vær med å forme digitaliseringa ved Universitetet i Bergen!

Informasjonsteknologi blir stadig viktigare innan forsking, høgare utdanning og formidling. Universitetet i Bergen har mål om å vere leiande på området. For å realisere universitetets digitaliseringsstrategi og handsama ei aukande mengd prosjekt og forbetringsarbeid, treng vi å styrke både program- og prosjektleiing og prosessforbetring.

Gjennom DigUiB-programmet skjer mykje av UiBs satsing på digitale løysingar for undervisning og formidling. Arbeidet er organisert på tvers av administrative einingar og dei vitskaplege miljøa, og gjev spennande moglegheiter for å vere med og sette preg på viktige løysingar for UiB framover.

I forbindelse med satsinga søkjer vi etter ein teknisk prosjektleiar som skal leie og samordne det tekniske arbeidet i samarbeid med dei ulike prosjekta i DigUiB-programmet. Stillinga vil vere organisert under Seksjon for prosjekt ved IT-avdelinga og plassert som seniorrådgjevar. Den som blir tilsett kan og få oppgåver i andre prosjekt eller innan avdelinga sine arbeidsområder.

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan prosjekt, utvikling, drift og forvaltning, brukarstøtte, applikasjonar og infrastruktur. IT-avdelinga har om lag 100 tilsette. Som ein respons på endring som følgjer med digitaliseringa og forventningar om gjennomføringsevne, arbeider vi i stadig større grad i prosjekt og tverrfagleg, både lokalt og gjennom nasjonale fora. UiB har tatt i bruk standard metodikk for portefølje- og prosjektstyring.

Arbeidsoppgåver (avhengig av kompetanse):

  • Prosjektleiing med særleg vekt på teknisk prosjektleiing i digitaliseringsprosjekt
  • Koordinering av tverrfaglege prosjektaktivitetar under DigUiB og tilgrensande prosjekt, samt IT-avdelingas aktivitetar i desse
  • Dialog med kundemiljø/systemeigar om prosessforbetring, design og implementasjon
  • Dialog med samarbeidspartnerar i universitets- og høgskulesektoren
  • Koordinering av arbeid med systemintegrasjon, systemarkitektur og systemtryggleik

Dine kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Røynsle frå prosjektarbeid og prosjektleiing i store, komplekse organisasjonar
  • Røynsle med bruk av praktisk prosjektmetodikk (t.d. Prosjektvegvisaren og PRINCE2) er ønskjeleg
  • Kjennskap til systemutvikling med relevante verktøy og metodar
  • Sjølvstendig, strukturert, arbeider godt i team og kan leie andre
  • Interesse for både kunde-/brukarbehov og teknologi
  • Gode kommunikasjonsevner (munnleg/skriftleg på norsk og engelsk)
  • Høgare utdanning (master, siv.ing.), eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved allsidig relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
  • Kjennskap til UH-sektoren er ein fordel

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi kan tilby:

  • Fast stilling i eit aktivt og stimulerande miljø med motiverte medarbeidarar.
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennandeprosjekt.
  • Ei sentral rolle i realiseringa av UiBs digitaliseringsstrategi
  • Seniorrådgjevar (kode 1364) vert løna etter lønssteg 64 - 69 (for tida kr 558 500 -  611 700). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdera høgare løn.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning,tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Fleksitid og gode velferdsordningar, t.d. trening i arbeidstida

Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar Jon Eikhaug, e-post Jon.Eikhaug@uib.no, tlf. 414 18 943 eller programdirektør for DigUiB, Mathilde Holm, e-post Mathilde.Holm@uib.no, tlf. 455 15 304.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida ”Søk denne stilling” til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding
om det.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    21. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152250
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger