Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Førstekonsulent (studieadministrasjon)

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei fast stilling som førstekonsulent knytt til studieadministrasjon og informasjonsarbeid.

 

Arbeidsoppgåver:

Stillinga vil innebera varierte oppgåver innan studieadministrasjon, hovudsakeleg innan prosess- og petroleumsteknologi. Arbeidsoppgåvene vil blant anna omfatta

 

  • Administrasjon av bachelor- og masterprogram i petroleums- og prosessteknologi

  • Sekretær for programstyra i petroleums- og prosessteknologi

  • Innpassing av ekstern utdanning

  • Internasjonalisering

  • Studierettleiing

  • Informasjonsarbeid

  • Avlasting for administrasjon av studieprogrammet i fysikk ved behov

  • Noko enkel PhD-administrasjon

  • Etter- og vidareutdanning kan også bli aktuelt

  • Som tilsett i administrasjonen må ein ved behov ta del i generelle administrative oppgåver innanfor seksjonen sitt arbeids- og ansvarsområde

Universitetet i Bergen er ein organisasjon som i særleg grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadene, og må vere førebudd på å møte skiftande utfordringar. Den som vert tilsett, må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.

 

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning på masternivå innan i realfag. Lang, relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.

  • Relevant fagkrets vil vera ein fordel.

  • Det blir lagt vekt på erfaring frå studieadministrativt arbeid.

  • God kunnskap i relevant lov- og avtaleverk.

  • Dokumentert erfaring i sakshandsaming.

  • Relevant administrativ IT-kompetanse, særleg erfaring med systema FS og ePhorte.

  • Erfaring frå offentleg forvalting og universitets- og høgskulesektoren.

  • God skriftleg framstillingsevne på bokmål og nynorsk samt engelsk skriftleg og munnleg

Personlege eiegenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta

  • Evne til å vere initiativrik, løysnings- og resultatorientert

  • Fleksibel og serviceinnstilt

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Det blir lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga

 

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 47-53 (kode 1408, LR21.8) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 416 600 – 459 100 (brutto årsløn).

  • For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om denne stillinga, kan ein få ved å vende seg til instituttet ved administrasjonssjef Grete K. Ersland, tlf. 55 58 2759, e-post: grete.ersland@ift.uib.no, eller seniorkonsulent Hanne Israelsen, tlf. 55 58 2766, e-post hanne.israelsen@ift.uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 


Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    21. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152241
  • Intern-ID
    2018/5088
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger