Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Våre hovudoppgåver er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. Vi er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har omlag 700 tilsette ved våre to kontor i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine meir enn 60 lokalkontor.

Har du lyst til å jobbe med internasjonalt samarbeid om naturmangfald?

Seksjon for globalt naturmangfald er ein av 5 seksjonar i naturavdelinga. Seksjonen bidrar til samordna og god oppfølging av direktoratet sine bidrag til Noregs multilaterale og bilaterale samarbeid om biologisk mangfald og naturforvalting. Seksjonen har ansvar for direktoratet si internasjonale oppfølging av konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) og bidrar til nasjonal gjennomføring av konvensjonen. Seksjonen er  óg nasjonalt kontaktpunkt for Naturpanelet (IPBES), Ramsarkonvensjonen om våtmarker, Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur, den internasjonale isbjørnavtalen og vitskapskomitéen under forørkningskonvensjonen. Seksjonen samordnar direktoratet sitt engasjement i FNs miljøprogram og bidraget vårt til Noregs utviklingssamarbeid med utvalde land på naturforvaltingsområdet. Ansvaret for samordning av direktoratet sine oppgåver knytt til Svalbard er lagt til seksjonen.

Seksjonen har fem engasjerte medarbeidarar på Brattøra i Trondheim, der også denne stillinga har arbeidsstaden sin. Vi søkjer etter ein dyktig (senior)rådgivar som kan bidra til å styrkje arbeidet vårt. Ein må rekne med ein del internasjonal reiseverksemd.

Følgjande oppgåver vil vere sentrale for stillinga

  • Bidra i arbeidet med oppfølging av internasjonale konvensjonar og miljøavtalar, med særleg vekt på konvensjonen om biologisk mangfald og Ramsarkonvensjonen
  • Andre oppgåver innanfor fagområda til seksjonen må forventast

Kvalifikasjonar

  • Det blir sett krav til utdanning på mastergradnivå innan naturforvalting, biologi eller økologi. Personar med særleg relevant erfaring kan vurderast sjølv om dei har ei anna utdanning.
  • Gode skriftlege og munnlege språkkunnskapar i norsk og engelsk er ein føresetnad
  • Arbeidserfaring frå offentleg forvalting, helst innanfor naturforvalting, vil vektleggjast
  • Interesse for, og gjerne erfaring frå, internasjonalt samarbeid på miljøområdet. Erfaring frå internasjonale forhandlingar er ein fordel.
  • Kunnskap om politiske prosessar, fortrinnsvis innan miljøpolitikk, utviklings- og utanrikspolitikk
  • Erfaring med koordineringsoppgåver og prosjektleiing vil telje positivt

Eigenskapar

  • Du er strukturert, løysingsorientert og målretta
  • Du har god rolleforståing
  • Du liker å jobbe i team, er fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Du er analytisk og utviklingsorientert
  • Du trivst med å arbeide i eit internasjonalt og fleirkulturelt miljø og har gode relasjonelle eigenskapar

Vi tilbyr

  • Fast stilling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • Gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • Eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida
  • Fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i i Statens pensjonskasse
  • Lønn som rådgivar frå kr 482 500 (ltr. 56) til kr 569 000 (ltr. 65), eller som seniorrådgivar frå kr 517 700 (ltr. 60) til kr 650 200 (ltr. 72) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskild kvalifiserte søkjarar kan vurderast høgare.

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Aina Holst, tlf. 99541921/aina.holst@miljodir.no .

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Vi ber deg om å sende søknad med vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jamfør offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding og bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.

Referanse: 32-2018 NGN                                                            Søknadsfrist: 21.05.18


Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    21. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Miljødirektoratet
  • Nettside
  • Kommune
    Trondheim
  • Arbeidssted
    Brattøra, Trondheim
  • Jobbnorge-ID
    152132
  • Intern-ID
    32-2018 NGN
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger