Universitetet i Bergen

Fakultetet for kunst, musikk og design

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Professor/førsteamanuensis 50 % i design med vekt på form

Ved Institutt for design ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei stilling som professor/førsteamanuensis (50%) i design med vekt på form i seksårig åremål. Tilsetjing er ønska frå 1.08.2018.

KMD er eit kraftsenter for kunstnerisk utviklingsarbeid, vitskapleg forsking og utdanning, fundert på lange tradisjonar for kunst-, musikk -og designutdanning i Bergen.

Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i tre institutt (kunst, musikk og design) med ein felles administrasjon.

Institutta har stipendiatar som er knytte til Program for kunstnarisk utviklingsarbeid (PKU) og ph.d.-programmet til UiB. UiB arbeider også med å få på plass eit kunstnarisk ph.d.-program, som vil innebere ei ytterlegare styrking av forskingsmiljøet ved fakultetet.

Fagmiljøa innan kunst og design er samlokaliserte i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet - Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.

KMD samarbeider med leiande institusjonar, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Form har ein sentral plass i instituttets studieprogram, som omfattar visuell kommunikasjon og møbel- og romdesign/interiørarkitektur. Studiet vektlegg utvikling av formspråk gjennom eksperimentering i ein bredde av tradisjonelle og nye teknikker og materialer. Det blir arbeida med alt frå fysiske modellar til digitale simuleringar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde
Vi søkjer ein professor/førsteamanuensis i design med vekt på form. Stillinga skal bidra til at praktisk og teoretisk tilnærming sjåast i samanheng, og utvikling av kompetanse om form og formrelaterte problemstillingar.

Den som vert tilsett må:
• Ha omfattande erfaring frå eget arbeid med to- og tredimensjonal form i ein designfagleg kontekst.
• Ha teoretisk kunnskap og analytisk kompetanse knytt til form og estetikk på tvers av medier og materialer.
• Ha god internasjonal fagleg oversikt og eit relevant nettverk
• Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg utviklingsarbeid og kunne integrere det i undervisningspraksisen sin.
• Ha gode organisatoriske evner, kompetanse i prosjektleiing og mål om å utvikle større forskingsprosjekt knytt til feltet.
• Evne til å engasjere andre og inspirere til forsking
• Vere motivert og kvalifisert for å arbeide i tverrfaglege kontekstar.
• Kunne bidra med relevante innspel for å styrke den faglege debatten ved KMD Bidra til å profilere institusjonen eksternt, bl.a. gjennom å utvikle faglege nettverk og forskingsprosjekt lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Institutt for design
Institutt for design er kjenneteikna av eit vidt spekter av uttrykksformer, opne samtalar og kritiske diskusjonar. Tilhøvet mellom teori og praksis, utviklinga av eit relevant omgrepsapparat og balansen mellom produksjon og refleksjon, står sentralt i designutdanninga vår. Vi tilbyr studium innanfor områda visuell kommunikasjon og møbel- og romdesign/interiørarkitektur. Ein breitt samansett fagstab, med tilsette som sjølve er utøvande designerar nasjonalt og internasjonalt, er ein føresetnad for eit levande undervisningsmiljø ved instituttet. Fagstaben sitt kunstnariske utviklingsarbeid og forsking står sentralt og dannar grunnlaget for undervisninga. Våre fagmiljø er forankra i eit tydeleg samfunnsengasjement.

Instituttet har eit breitt utval av verkstader som blir nytta både i undervisning og kunstnarisk utviklingsarbeid. Tilsette tilknytt desse spesialiserte fasilitetane sørger for ei stadig utvikling og oppgradering av materialkunnskap innanfor konteksten av ein samansett designfagleg diskusjon. Institutt for design prioriterer utvikling og gjennomføring av større forskingsprosjekt, også med ekstern finansiering.

Kvalifikasjonar
• For stilling som professor: Omfattande kunstnarleg verkemd på høgaste nivå etter internasjonal standard og relevant bredde og fordjupning i faget eller disiplinen på høgaste nivå.
• For stilling som førsteamanuensis: Gjennomført godkjent stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid på aktuelt fagområde eller dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå og med ei særlig fordjuping som er relevant for fagområdet eller disiplinen.
• Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning, undervisning og rettleiing.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju og prøveforelesing av ei intern intervjugruppe. Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing. Søkjarar som ikkje kan dokumentere pedagogisk basisutdanning før tilsetjing vil få tilbod om opplæring.

Vi kan tilby
• Stilling som professor (kode 1013) med løn kr. 673.800 – 882.900 (lønssteg 74 – 84) eller stilling som førsteamanuensis (kode 1011) med løn kr. 558.500 – 623.900 (lønssteg 64 – 70) i det statlege lønsregulativet (lønsramme 24). For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
• Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
• Medlemskap i Statens pensjonskasse
• Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
• Gode velferdsordningar.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Korleis arbeidstida fordelast, går fram av den årlege individuelle arbeidsplanen som utarbeidast i dialog med den enkelte tilsette og instituttleiar. Instituttleiar har ansvar for å koordinere det totale studietilbodet ved instituttet.

Søknaden skal innehalde:
• Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd
• Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar
• CV
• Vitnemål
• Attestar

Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg, mellom anna ei beskriving av intensjonar og mål for åremålsperioden. Det er viktig at søkaren tydeliggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og muligheiter.

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGA». Last opp alle vedlegg som separate filer. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før du lastar dei opp.

Andre opplysingar
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskapelige stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Fakultetet kan tilby ei interessant og krevjande stilling i eit miljø med høgt aktivitetsnivå, faglige utfordringar og gode samarbeidsforhold.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Mona Larsen på tlf. + 47 - 55 58 73 00 – Mona.Larsen@uib.no

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    28. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    152094
  • Omfang
    Fast 50%
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger