Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i pedagogikk i barnehagelærarutdanninga - vikariat

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig inntil 3 vikariat som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor  i pedagogikk ved barnehagelærarutdanninga for perioden 1.8.2018 til 31.7.2019. Stillingane er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.

 

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogramog forskargrupper


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.  

 

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med  viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

 

Er du engasjert i barnehagen som ein utdanningsinstitusjon for barndom, danning, leik, læring og utvikling? Har du gode idear om korleis undervisinga av barnehagelærarar kan styrkjast slik at barnehagane får godt kvalifiserte barnehagelærarar i framtida? Då kan denne stillinga ved barnehagelærerutdanninga vere noko for deg.

 

 

Ansvars- og arbeidsområder:

Arbeidsoppgåvene er primært  undervisning, rettleiing, evaluering av studentoppgåver og oppfølging i praksis.  Stillinga inneber og deltaking i evaluering og vidareutvikling av utdanningstilbod ved instituttet. Det blir og forventa deltaking i fagmiljøet sitt  arbeid som til dømes organisering av fagdager og kurs- og oppdragsverksemd. I stillinga inngår fagleg-administrativt arbeid.

  


Kvalifikasjonskrav
Søkjarar må ha utdanning på minimum masternivå i pedagogikk. Andre masterfag kan vurderast dersom søkjaren sin kompetanse er klart relevant for barnehagearbeidet.

 

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for innhaldet i barnehagelærarutdanninga og behov ved instituttet. For tilsetjing som førstelektor må søkjaren ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, med tilsvarande krav til relevans. Søkjarane må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

  • Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Vi legg vekt på yrkesetisk medvit i møte med studentar og kollegaer i høgskule og barnehage.
  • Det vil bli vurdert om søkjar er personleg egna for stillinga.

Tilleggkrav:

  • Det er ønskeleg at søkjarar har utdanning som førskulelærar/ barnehagelærar og/eller erfaring frå arbeid i barnehage.
  • Erfaring frå arbeid i høgskule/universitet er ønskeleg. 
  • Erfaring med deltaking i relevant forskings- og utviklingsarbeid er ønskeleg

 

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga»” på denne sida.

Som vedlegg til sønaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Sønaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjøv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar stt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Aktuelle søkarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju og det kan bli aktuelt med ei kort prøveforelesning.

 

Lønnsvilkår

Førsteamanuensis vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1198.

Høgskulelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1008.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

 

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

 

Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

 

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

 

Hjemmeside

 

Kontaktpersoner:

1. Torunn Herfindal assisterende instituttleder 55585739                                
2. Vigdis foss seksjonsleder Pedagogikk BLU   55585867

                  

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    campus Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151955
  • Intern-ID
    18/03271
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger