Universitetet i Bergen

Universitetsbiblioteket

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Førstekonsulent

Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtta forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særlig vekt på tenester som fremjar open vitskap.

 

Me har ledig ei fast 100 % stilling som førstekonsulent for tilsetjing snarast mogleg. Stillinga er for tida knytt til Bibliotekdirektørens stab.

 

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Administrativ støtte til bibliotekleiinga
  • Sakshandsamingsoppgåver
  • Bestillingar
  • Øvrige oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad eller tilsvarande utdanning tilpassa oppgåvene i stillinga
  • Relevant praksis
  • God administrativ IKT-kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (begge målformer) og engelsk 

Eigenskapar

  • Du er sjølvstendig, effektiv, strukturert og initiativrik
  • Du er fleksibel og omgjengeleg med gode samarbeidsevner
  • Du er serviceorientert og har gode kommunikasjonsevner

Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

 

Me kan tilby

  • Løn etter lønssteg 41 - 53 (kode 1408/LR 21) i det statlege lønsregulativet, etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 381 000 - kr. 459 100. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Eit aktivt og stimulerande miljø med motiverte medarbeidarar
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon i tett kontakt med fagmiljø og randsonepartnarar ved Universitetet i Bergen
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til underdirektør/seksjonsleiar for bibliotektenestar Trude Færevaag, tlf. 55 58 66 83 (kontor), 47804626 (mobil), e-post: Trude.Ferevaag@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151896
  • Intern-ID
    2018/4922
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger