Universitetet i Bergen

Universitetsbiblioteket

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Universitetsbibliotekar i juridiske fag og rettsvitskap

Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtte forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremjar open vitskap.

 

Ved UB er det ledig ei fast 100% stilling som universitetsbibliotekar (kode 1199). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte med arbeidsstad på Bibliotek for juridiske fag.

 

Arbeidsoppgåver

  • Undervise og rettleie i informasjonssøking, reielege publiseringsstrategiar, bruk av kunnskapskjelder, og aktuelle spørsmål knytt til akademisk skriving og open vitskap.

  • Utvikle og formidle tenester

  • Arbeid med tilgjengeleggjering av relevante kunnskapskjelder.

  • Være kontaktperson for fagmiljø.

  • Delta i verksemda elles.

Den som vert tilsett kan verte pålagt å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Minimum cand.jur eller mastergrad i rettsvitskap. Mastergrad innan andre relevante fag kan vurderas.

  • Kjennskap til forsking og forskingsmetodar vert vektlagt.

  • Erfaring med undervisning, rettleiing og formidling, samt pedagogisk utdanning, vert vektlagt.

  • Engasjert og initiativrik, serviceorientert og med god gjennomføringsevne.

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk.

Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

 

Me tilbyr

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.

  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.

  • Løn som universitetsbibliotekar etter lønssteg 53 - 62 (kode 1199/LR 25, alternativ 3-6) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 459 100 - kr. 537 700. Søkjarar som er erklært kompetente til stilling som førsteamanuensis eller førstebibliotekar ved ein institusjon som er godkjent av departementet eller har norsk doktorgrad eller utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk, vert løna som førstebibliotekar (kode 1200/LR 24, alternativ 3), løn etter lønssteg 59 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 59-67, for tida kr. 508 800 – kr. 590 000). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

  • Fleksibel arbeidstid.

  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

  • Gode velferdsordningar.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar Karin Rydving, tlf. 55 58 88 40 eller mob. 48 29 97 21, epost karin.rydving@uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151875
  • Intern-ID
    2018/4921
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger