Universitetet i Bergen

Klinisk institutt 2

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Overingeniør

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, Seksjon for onkologi, er det ledig ei fast stilling som overingeniør (100 %). Stillinga er eksternfinansiert, og er for tida knytt til K.G.Jebsen senter for genom-retta kreftterapi, med oppstart 1.juni 2018. Prosjektet har ei førebels finansiering på 4 år.

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga inneber fagansvar for prøvebehandling og analysar ved massive parallell sekvensering knytt til kliniske studiar som skal gjennomførast ved K.G.Jebsen senter for genom-retta kreftterapi. Dette inneber både DNA-bibliotek-preparering og skevenseringsanalyser ved bruk av Illumina skevenseringsplattform (i hovudsak MiSeq).
  • Den som vert tilsett vil òg ha del-ansvar for design og gjennomføring av funksjonelle in vitro studiar som følgje av funn i dei kliniske materiala. Dette inneber arbeid med cellekultur som modellsystem og gen-redigering vha m.a. CRISPR/Cas9-teknologi.
  • Stillinga inneber òg ansvar for opplæring / undervisning av stipendiatar og studentar i laboratoriet.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Seniorforskar Stian Knappskog, Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen

e-post: stian.knappskog@uib.no og tlf. 55976447

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

 
Søkjarar må:
    • Ha mastergrad innan relevant fagområde (molekylærbiologi)
    • Ha brei erfaring med massiv parallell sekvensering, herunder våt-labserfaring mtp preparering av DNA-bibliotek for sekvensering og erfaring med databehandling i etterkant av sekvensering.
    • Ha brei erfaring med arbeid innan molekylære analysar knytt til kliniske studiar, som behandling av ulike typar pasientmateriale.
    • Ha brei erfaring med vitskapeleg arbeid, som erfaring frå tett samarbeid med vitskapeleg tilsette.
    • Må beherske norsk språk flytande både munnleg og skriftleg.

 Søkjarar bør:

    • Ha brei erfaring med cellekulturarbeid, som CRISPR/Cas9 gen-redigering og andre metodar for indusering og represjon av genuttrykk.
    • Ha brei arbeidserfaring med generelle molekylærbiologiske metodar.
    • Ha gode kommunikasjons- og rettleiingseigenskapar ovanfor medarbeidarar, som studentar.
    • Beherske engelsk språk godt både munnleg og skriftleg.
    • Ha god evne til sjølvstendig arbeid.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 459 100 - 490 900). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga som overingeniør: 

  • Overingeniøren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under 
  • Lønsutgifter skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert 
  • Instituttleiar kan pålegge overingeniøren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt 

Generell informasjon:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

 

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

 

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151864
  • Intern-ID
    18/4742
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger