Universitetet i Bergen

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultets sekretariat

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Konsulent

Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig ei spanande fast stilling som konsulent i fakultetsadministrasjonen.


Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 1000 tilsette, 3000 studentar og eit budsjett på om lag ein milliard kroner. Forsking og undervising skjer på institutt og i sentre. Fakultetsadministrasjonen tel om lag 55 medarbeidarar organisert i fire seksjonar. For meir informasjon om fakultetet, sjå: http://www.uib.no/matnat

 

Vi søkjer ein strukturert, positiv og omgjengeleg medarbeidar med god organisasjonsforståing. Som tilsett vil du få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan service og administrasjon.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Service overfor studentar, tilsette og gjester

  • Etablering og drift av fakultetets informasjonsskranke i Læringssenteret i Realfagbygget

  • Møteførebuing og arrangementstøtte

  • Enklare sakshandsaming innan alle administrative felt og for dei strategiske satsingane

  • Bestillingar og enkelt bilagsarbeid

  • Studieadministrative registreringar, stadfestingar og kunngjeringar

  • Enklare webarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Minimum 1-2 års relevant utdanning utover vidaregåande opplæring, eller fagbrev innan kontor- og administrasjonsfaget. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan erstatte utdanningskravet.
  • Relevant praksis frå universitets- eller høgskule
  • Gode kommunikasjonsevnar og meistre norsk og engelsk godt både skriftleg og munnleg
  • Bred erfaring i bruk av Microsoft Office-programvare og kjennskap til datasystema som er i bruk ved UiB (t.d. BasWare PM, FS, ePhorte) vil verte vektlagt.
  • Erfaring med å administrere nettsider er ei føremon

Personlege eigenskapar:

  • Trivst med å handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk internasjonalt miljø
  • Serviceinnstilt og imøtekomande
  • Effektiv og strukturert
  • Omstillingsdyktig og initiativrik
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og glad i å samarbeide

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn som konsulent etter lønssteg 33-46 (kode 1065/LR17, alternativ 3-5) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 344 300 – kr 409 600.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Seniorkonsulent Gry Ekeland Parker (organisasjonskonsulent, fakultetsadministrasjonen, 55 58 35 78).


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    21. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151819
  • Intern-ID
    2018/4876
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger