Universitetet i Bergen

Institutt for framandspråk

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Førsteamanuensis i amerikansk litteratur og kultur

Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen lyser ut ei fast stilling som førsteamanuensis i amerikansk litteratur og kultur ved Institutt for framandspråk. Startdato for den som vert tilsett, er 1. januar 2019 eller så snart som råd deretter.

 

Institutt for framandspråk (IF) har i overkant av femti fast vitskapleg tilsette, tolv administrativt tilsette, fire postdoktorar og om lag tjue ph.d.-stipendiatar. Ved instituttet blir det forska og undervist i faga arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og spansk språk og latinamerikastudium. Engelsk er det største av desse faga og har for tida fjorten faste vitskaplege stillingar: seks innanfor litteraturdisiplinen, fem i lingvistikk og tre i fagdidaktikk. Faget tilbyr kurs på alle nivå i desse disiplinane, inkludert lektorutdanning.

 

Instituttet og fakultetet har ei rekkje forskargrupper (forskergrupper) og avtalar om utveksling og samarbeid med land i Europa, Afrika, Asia, Nord- og Latin-Amerika, i tillegg til samarbeid med andre norske universitet og høgskular.

 

Undervisnings- og forskingsoppgåver

Til stillinga som førsteamanuensis i amerikansk litteratur og kultur ligg det forsking, rettleiing, undervisning og utvikling av kurs og studentevalueringar på alle nivå, i tillegg til administrative plikter innanfor faget og instituttet.

 

Den som vert tilsett, må kunne undervise på eit breitt spekter av litteratur- og kulturkurs på bachelor- og masternivå, både oversynskurs innan amerikansk litteratur og kultur og meir spesialiserte og djuptpløyande kurs, i tillegg til å rettleie studentar på alle nivå og ph.d.-stipendiatar. Undervisning og rettleiing innanfor lektorutdanninga er ein del av stillinga.

 

Instituttet forventar at den som vert tilsett, tek del i den kontinuerlege utviklinga av forskingsmiljøet. Den som vert tilsett, bør ha dokumentert kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging. Det blir forventa at den som får stillinga, tek del i og utviklar forskingssamarbeid mellom engelskfaget ved Universitetet i Bergen og andre relevante forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt.

 

Ho eller han kan søkje om opprykk til professor etter ei akademisk kompetansevurdering basert på retningslinene frå Universitets- og Høgskolerådet.

 

Undervisningsspråket er engelsk, men det er forventa at den tilsette innan to år kan norsk eller eit anna skandinavisk språk godt nok til å utføre administrative oppgåver. Universitetet tilbyr norskkurs for utanlandske arbeidstakarar.

 

Kvalifikasjonar

Søkjarane må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande i det relevant fagfeltet. Erfaring frå undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå i amerikansk litteratur og kultur er ein føresetnad, og det er ein føremon med erfaring frå lærarutdanning. Den tilsette må kunne dokumentere pedagogisk opplæring for høgare utdanning. Der dette kravet ikkje er oppfylt ved tilsetjing, må den som får stillinga, få tilbod om pedagogisk basisutdanning.

 

Evaluering

I vurderinga av søkjarane vert det lagt vekt på:

 

  • kvalitet og relevans i forsking og publisering (sett i lys av stadiet i karrieren)

  • relevant bakgrunn for innhaldet i stillinga, slik det er skissert over

  • pedagogisk kompetanse

  • stipend, prisar og forskingsprosjekt

 

Søkjarane vil bli vurderte og rangerte av ein sakkunnig komité, som vil leggje hovudvekta på forskinga til kandidatane. Dei best kvalifiserte vil bli inviterte til intervju og bedne om å gje ei prøveforelesing.

 

Det blir òg lagt vekt på om søkjaren er personleg skikka for stillinga.

 

Andre krav

Alle tilsette må, utan omsyn til akademisk spesialisering, dele på ansvaret for å utvikle faget og kurstilbodet, og alle må vere villige til å ta på seg administrative oppgåver. Tilsette kan bli sette til undervisning, rettleiing og eksamensarbeid innanfor eige fagfelt også utanfor instituttet dei er tilsette ved. Den tilsette har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen.

 

Søknaden

Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenka SØK STILLINGEN på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

 

  • CV som inkluderer ei fullstendig liste over akademiske publikasjonar

  • vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullførte gradar (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning)

  • informasjon om og dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar

  • opplysningar om administrativ erfaring og andre relevante kvalifikasjonar

  • opp til tre forskingsarbeid

  • tre referansepersonar med kontaktinformasjon

 

Komiteen kan be om tilleggsdokumentasjon ved behov.

 

Søknaden med alle vedlegg må vere lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen, anten som word- eller pdf-fil.

 

NB: Søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.

 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til fakadm@hf.uib.no.

 

Vi tilbyr

  • løn i lønssteg 60 (kode 1011/lønsramme 24) i statens lønsregulativ. Dette utgjer ei årsløn på 517.300 kr. før skattetrekk. Vidare lønsopprykk etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • medlemskap i statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

 

Kontaktinformasjon

Interesserte kan få meir informasjon om stillinga frå koordinator for engelsk litteratur, førsteamanuensis Laura S. Miles, e-post laura.miles@uib.no og tlf. 55 58 22 88 eller instituttleiar Åse Johnsen, e-post ase.johnsen@uib.no og tlf. 55 58 22 90.

 

Andre opplysningar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetting. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare informasjon om tilsetjingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 30.05.2018

Merk søknaden: 18/4435

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151789
  • Intern-ID
    18/4435
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger