Universitetet i Bergen

Kjemisk institutt

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Stipendiat i beregningsbasert katalyse og molekyldesign

Ved Kjemisk institutt er det ledig to stillingar som stipendiat i beregningsbasert katalyse og molekyldesign for ein åremålsperiode på minst 3 og inntil 4 år. Stillingane er knytt til prosjekt, finansiert av Noregs forskingsråd, innan kjemisk konvertering av fornybare ressurser.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

I eit av prosjekta vil vi utvikle resirkulerbare katalysatorar som på ein miljøvenleg og økonomisk berekraftig måte kan fjerne oksygenholdige funksjonelle grupper i ligninbasert bio-olje, og slik gi biodrivstoff. Katalysatorane vil bli utvikla ved hjelp av mekanistisk innsikt og prediksjon frå molekylære berekningar, og desse berekningane vil vere stipendiaten sitt arbeid. Andre prosjektmedarbeidarar vil syntetisere og teste dei mest lovande predikerte katalysatorane, og prosjektet vil innebere nært samarbeid mellom reknebaserte og eksperimentelle kjemikarar. Ein meir detaljert omtale av stillinga er tilgjengeleg.

 

I eit anna prosjekt vil vi modellere, ved bruk av kvantekjemiske rekningar, elektrokatalytisk reduksjon av CO2 over nanostrukturerte katalysatorar basert på metall/metalloksid. Vi vil rekne energiprofilar for dei enkelte reaksjonsstega for reduksjonen både ved å bruke periodiske overflatemodellar og lokaliserte klasemodellar. Ulike krystallflatar og defektar i krystallstrukturen vil bli undersøkt, og desse studiane vil totalt sett gi detaljert innsikt i reduksjonsmekanismen. Prosjektet og stipendiaten vil dra nytte av å delta i eit forskarnettverk (NordCO2) som arbeidar med CO2-konvertering i dei nordiske landa. Ein meir detaljert omtale av stillinga er tilgjengeleg.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i kjemi, fysikk eller tilgrensande fag. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar endeleg mastereksamen før 29.06.2018. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar bør ha sterk bakgrunn i kvantekjemi og anvendt kvantekjemi. Bakgrunn frå andre delar av berekningskjemien, som til dømes molekylmekanikk og dynamikk, er også relevant.
  • Kunnskap om uorganisk/metallorganisk kjemi er ein føremon.
  • Kunnskap om metodar innan kjemometri og kjeminformatikk er ein føremon.
  • Programmeringserfaring er ein føremon.
  • Den som vert tilsett må ha
    • Gode evner til kritisk tenking og skriving.
    • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og til å samarbeide med andre.
    • Gode kunnskapar i både skriftleg og munnleg engelsk.

I vurdering av søkjarar vil personlege og mellommenneskelege eigenskapar bli vektlagt, inkludert evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og med gode samarbeidsrelasjonar. Ambisjonar og potensial for vitskapleg karriere vil også bli vurdert og gitt betydeleg vekt. Den topprangerte kandidaten vil få sjansen til å velge mellom dei to prosjekta.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er inntil 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forskning, undervisning og formidling. Kandidatar som beherskar eit av dei skandinaviske språka, kan bli tilsett for 4 år med 25 % av tida knytt til pålagte arbeidsoppgåver innan undervisning ved instituttet. Kandidatar som ikkje har gode kunnskapar korkje i norsk, svensk eller dansk, vil normalt bli tilsett for 3 år.

 

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein PhD-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til PhD- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt, fagleg utfordrande, og internasjonalt arbeidsmiljø
  • velutrusta, moderne laboratorium, inkludert det aller beste innan maskinvare og programvare for reknebasert kjemiforsking.
  • Medlemskap i eit godt finansiert og tverrfagleg prosjekt.
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Vidar R Jensen, tel. +4755583489 / e-post: Vidar.Jensen@kj.uib.no.

Professor Knut J. Børve, tel. +4755583365 / e-post: Knut.Borve@uib.no)

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151674
  • Intern-ID
    18/4528
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger