Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 11.000 studentar og 1.600 tilsette. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon.
Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Institutt for barnehagelærarutdanning, som er ein del av Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, har ansvar for barnehagelærarutdanning (bachelor), mastergradsutdanning i barnehagevitskap, medansvar for doktorgradsutdanning samt etter- og vidareutdanningsverksemd for barnehagelærarar. Instituttet har og ansvar for eit halvårleg studieprogram for utvekslingsstudentar, Comparative Educational Studies.

Ein stor del av forskinga ved instituttet er organisert under  programområdet «Læringskulturar i barnehagen» . Programområdet har fem forskargrupper: Estetiske og emosjonelle læreprosessar; Barns språklege og litterære praksisar; Kvalitet, profesjon og læring; Verdiar i barnehagen; Sustainability, STEM and Physical Education.

Universitetet i Stavanger blei i desember 2017 utnemnt av Forskningsrådet som eit av to nasjonale Senter for barnehageforsking for dei neste fem åra, med høve til forlenging i ytterlegare fem år. Institutt for barnehagelærarutdanning vil ha ei sentrale rolle i dette.

Visjonen til instituttet er å vere nyskapande og innovative på forsking og undervisning innanfor barnehagefeltet. Verksemda ved instituttet skal pregast av kvalitetar og verdiar knytt til barnehagefeltet, som openheit og interesse, utforskingstrong og læring, leik og kreativitet, relasjonar prega av ansvar og respekt, samt eit tydeleg samfunnsengasjement. Instituttet skal utdanne kompetente, motiverte og
samfunnsengasjerte barnehagelærarar.

Det er i dag 60 tilsette og 700 studentar ved instituttet.

Førsteamanuensis/førstelektor/universitetslektor i fysisk fostring, 50 %

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Stavanger
  • Nettside
  • Kommune
  • Jobbnorge-ID
    151596
  • Intern-ID
    30078927
  • Omfang
    Fast 50%
  • Varighet
    Fast

Se mer

Finn andre stillinger