Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i fire avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. Til campusen høyrer også Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.


Praksislærar i fjernsynsjournalistikk – st. nr. 30/2018

 

Vil du bli lærar for motiverte journaliststudentar i Volda?


Ved Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda, er det ledig ei fast heil stilling som journalistlærar med vekt på nyheitsproduksjon på fjernsyn. Stillinga er ledig frå 1.8.2018, startdato etter avtale med avdelinga.


Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har landets største mediefagsmiljø med femti tilsette og 500 studentar. Vi tilbyr seks bachelorutdanningar i mediefag, ein internasjonal mastergrad Master In Media Practices, eit årsstudium i mediekunnskap og digital kompetanse i læring. Vi er ei av dei største journalistutdanningane i landet med to profesjonsretta bachelorutdanningar.


Journalistutdanninga produserer journalistikk på fleire plattformer, med eigen fjernsynskanal, sosiale medier, radiostasjon, nettavis og avis. Arbeid med fleirmedial publisering og digitale medier er sentralt i utdanninga.


Dei viktigaste arbeidsområda er undervising i journalistikk med særleg vekt på redaksjonsleiing og rettleiing av studentar i den interne praksisperioden, og den som blir tilsett vil få redaktøransvar.


Vi ser etter ein person som har:

  • solid journalistisk erfaring frå nyheits- og aktualitetsprogram på fjernsyn eller nett-TV
  • kunnskap om og erfaring frå publisering av tekst, lyd og bilde på ulike publiseringsplattformer.
  • kunnskap om bildekommunikasjon og historieforteljing for fjernsyn
  • bachelor eller master/hovudfag innan journalistikk, humanistiske fag eller samfunnsvitskaprelevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing

I tillegg må søkjaren ha gode språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Undervisings- og administrasjonsspråket på høgskulen er norsk.


Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Gode formidlingsevner
  • Evne til å ta initiativ, vere ryddig og arbeide både sjølvstendig og i team


Omfattande, dokumentert praktisk erfaring kan erstatte formell akademisk kompetanse. Ved manglande pedagogiske kvalifikasjonar stillast det krav om deltaking på kurs i høgskulepedagogikk innan ei tre-årsperiode for fast tilsetjing. Søkjarar som i tillegg til dei andre kvalifikasjonane også har doktorgrad eller tilsvarande vert tilsett i stilling som førstelektor eller førsteamanuensis.


Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering.


Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.


Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011/førstelektor 1198 frå kr 548 200 – 704 800/høgskulelektor 1008 frå kr 451 300 - 597 400/høgskulelærar 1007 frå kr 423 200 – 590 000.


Søknadsfrist: 22. mai 2018


Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet. Det er lenkje til elektronisk søknad på www.hivolda.no/stilling.


I Jobbnorge registrerer du informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du informerer om referansar. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis.


Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller vanleg postgang til høgskulen.


Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- vitskapelege arbeid (inkludert hovudfags-/mastergradsoppgåve) og/eller arbeidsprøver


Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane vert vurdert av eit sakkunnig utval med tre medlemer. Viser til Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, KD 9.2.2006, med endringar 15.9.2015. www.lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129. Etter søknadsfristen er ute vil høgskulen vurdere om søkjarane fyller sentrale deler av kompetansekrava til stillinga, dei best kvalifiserte søkjarane går vidare til vurdering av eit sakkunnig utval.


Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.


I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste. Søkarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkaren skal offentleggjerast. Søkaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.


Spørsmål til stillinga kan rettast til:

- dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn rotevata@hivolda.no tlf. 70 07 52 75, eller til

- programansvarleg for journalistikk Jan Ytrehorn jan.ytrehorn@hivolda.no tlf 70 07 51 05

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen i Volda
  • Nettside
  • Kommune
    Volda
  • Jobbnorge-ID
    151428
  • Intern-ID
    30/2018
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger