Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i fire avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. Til campusen høyrer også Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.


Høgskulelektor innan mediekunnskap – st. nr. 29/2018

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag er det ledig eit eittårig vikariat i 100 % stilling som høgskulelektor med hovudfelt mediekunnskap i perioden 1.8.2018-31.7.2019. Det kan bli aktuelt med forlenging ut over tilsettingsperioden. Stillinga er knytt til årsstudiet i Mediekunnskap og bachelorstudia i Mediedesign og PR, kommunikasjon og media.

 

Stillinga skal dekke undervisning og fagleg utviklingsarbeid særleg innanfor mediekunnskap og medievitskap i profesjonsstudia. Det er difor i tillegg til relevant utdanning innan medievitskap naudsynt med praktisk-pedagogisk utdanning, og undervisningserfaring og relevant yrkeserfaring innan profesjonsutdanningane sine fagområde. Søkjarar som i tillegg til dei andre kvalifikasjonane også har doktorgrad eller tilsvarande vert tilsett i stilling som førstelektor eller førsteamanuensis.

Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har landets største mediefagsmiljø med femti tilsette og 500 studentar. Vi tilbyr seks bachelorutdanningar i mediefag, ein internasjonal mastergrad Master In Media Practices, eit årsstudium i mediekunnskap og digital kompetanse i læring.

 

Vi ser etter deg som:

  • Har hovudfag eller mastergrad i medievitskap
  • Har praktisk-pedagogisk utdanning
  • Har undervisningserfaring frå vidaregåande skule/høgskule/universitet
  • Har relevant yrkeserfaring frå mediebransjen
  • Er interessert i å utvikle og formidle faginnhald og rettleie studentar

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Gode formidlingsevner
  • Evne til å ta initiativ, vere ryddig og arbeide både sjølvstendig og i team

 

Søkjarar som i tillegg til dei andre kvalifikasjonane også har doktorgrad eller tilsvarande vert tilsett i stilling som førstelektor eller førsteamanuensis.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Det kan bli aktuelt med forlenging ut over tilsettingsperioden.

 

Vi kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011/førstelektor 1198 frå kr 548 200 – 704 800/høgskulelektor 1008 frå kr 451 300 - 597 400.

Søknadsfrist: 2. mai 2018.

Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet. Det er lenkje til elektronisk søknad på www.hivolda.no/stilling.

I Jobbnorge registrerer du informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du informerer om referansar. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller vanleg postgang til høgskulen.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- eventuelle vitskapelege arbeid (inkludert hovudfags-/mastergradsoppgåve)
 

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste. Søkarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkaren skal offentleggjerast. Søkaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, tlf. 70 07 52 75 eller til programansvarleg for mediedesign Ivar John Erdal, tlf. 70 07 54 25 / 909 19 596.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    2. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen i Volda
  • Nettside
  • Kommune
    Volda
  • Jobbnorge-ID
    151426
  • Intern-ID
    29/2018
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger