Universitetet i Bergen

Det juridiske fakultet

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Jurist (saksbehandlar) ved Det juridiske fakultet

I studieseksjonen ved Det juridiske fakultet er det ledig ei fast 100 % stilling som

jurist/saksbehandlar (seniorkonsulent)

 

Arbeidsoppgåver

I studieseksjonen er det to juristar som har ansvar for ulike område.

 

Den utlyste stillinga som saksbehandlar har hovudvekt på saksbehandling av studiesaker og studierettleiing. Døme på oppgåver er vanlege studiesaker, klagesaker, utgreiingar, saksframstillingar til utval og styret ved fakultetet, studentkontakt/rettleiing, presentasjonar og informasjonsarbeid.

 

Det ligg også til stillinga å gi juridisk støtte og rettleiing til kollegaer i deira saksbehandling, samt bidra til å kvalitetsheve og effektivisere saksbehandlingsrutinane.

 

Den som vert tilsett kan også få andre administrative oppgåver.

 

Kvalifikasjonar

  • Master i rettsvitskap / Cand.jur.-grad
  • god generell juridisk vurderingsevne
  • god skriftleg og munnleg formuleringsevne
  • erfaring frå universitets- og høgskulesektoren og offentleg forvaltning er ein føremon
  • kan nytte begge målformer (norsk arbeidsspråk)
  • gode engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • god administrativ IT-kompetanse

 

Personlege eigenskapar

  • evne til sjølvstendig oppfølging og effektiv gjennomføring av arbeidsoppgåver
  • evne til prioritering, god orden og å halde oversyn over fleire parallelle arbeidsprosessar
  • entusiasme og driv og kan motivere både deg sjølv og andre
  • ansvarsbevisst, fleksibel og initiativrik
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

 

Relevant praksis og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.

 

Vi kan tilby

  • varierte oppgåver og sjølvstendig ansvar
  • kompetanseutvikling
  • hyggelege kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
  • løn som seniorkonsulent etter lønssteg 55 - 60 (p.t. kr. 474 700 - 517 700) (kode 1363) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.

 

Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

 

Meir informasjon om fakultetet, studieseksjonen og studieprogramma våre finn du på http://www.uib.no/jur. Utfyllande opplysningar om stillinga kan du få ved å vende deg til seksjonssjef Christine Stoltz Olsvik:

 

Velkommen som søkjar!

 

Anna informasjon

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    6. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Dragefjellet, Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151423
  • Intern-ID
    2018/4455
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger