Universitetet i Bergen

Institutt for biovitenskap

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Førsteamanuensis i akvakultur (fiskefysiologi)

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i akvakultur (fiskefysiologi), knytt til faggruppa Miljø- og havbruksbiologi.

 

Om instituttet

Institutt for biovitskap (BIO) ble oppretta 1. januar 2018, som ei samanslåing av tidlegare Institutt for biologi og Molekylærbiologisk institutt. Instituttet er det største av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og har om lag 260 tilsette, inkludert 56 professorar og førsteamanuensar, om lag 130 ph.d.-kandidatar og om lag 70 teknisk/administrative tilsette.

 

Instituttet har eit av dei sterkaste og breiaste fagmiljøa innan biovitskapleg forsking og utdanning i Norge, og er sterkt involvert i tema som livet sitt opphav, klima, effektar av globale endringar, fiskeri, havbruk, fiskehelse, ernæring, nordområda og utviklingsrelatert forsking. Om lag 2/3 av den vitskaplege staben arbeider med marine problemstillingar.

 

Gjennom samlokalisering og felles forskingsgrupper er forskinga ved BIO tett integrert med biologisk forsking ved Universitetsmuseet i Bergen og med nokre av dei tematiske avdelingane i NORCE (Norwegian Research Centre AS). BIO held til i nye og moderne fasilitetar på Marineholmen.

 

Undervisninga ved instituttet dekker eit breitt spekter av biologiske disiplinar og blir tilbydd gjennom to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige studieprogram (fiskehelse, og sjømat og havbruk) og lærerutdanning, forutan doktorgradsutdanning.

 

BIO har eit Senter for framifrå undervisning (SFU) og dermed eit særskilt fokus på utvikling av kvalitet i undervisning og formidling. Det vert lagt vekt på utvikling av innovative undervisnings- og formidlingsaktivitetar i stillinga.

 

Bergen representerer ei av dei største forskingsklyngene i verda for marin forsking og dette vert spegla av i visjonen for UiB som er «Hav, liv og samfunn». BIO har som mål å vere ein leiande forskingsaktør innan marin ressursforsking nasjonalt og internasjonalt.

 

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Den som vert tilsett, skal undervise og rettleie innan akvakultur og fiskefysiologi knytt til studia i akvakultur, inkludert sivilingeniørstudiet i havbruk og sjømat. Den som vert tilsett, vil få ansvar for introduksjons- og vidaregåande emne i akvakultur, m.a. emne som omfattar samarbeid med havbruksnæringa.

 

Vidare skal den som vert tilsett, forske innan fiskefysiologi og akvakultur av kaldtvassartar i samarbeid med andre tilsette ved instituttet. Det er forventa at den som tilsetjast, hentar inn eksterne midlar til eiga forsking. Vedkommande må og vere førebudd på å ta på seg diverse verv og administrative oppgåver ved instituttet.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer ein aktiv forskar med røynsle frå forsking og undervising innan ulike sider av akvakultur av fisk, med særleg vekt på kompetanse innan fiskefysiologi. Den føretrukne kandidaten er i ei oppadgåande utvikling og er forventa å ha eit stort potensiale til å utføre forsking på høgt internasjonalt nivå. Vi ønskjer ein kandidat som meistrar moderne metodar innan akvakultur og fiskefysiologisk forsking, for å styrke den vitskaplege aktiviteten og undervisninga på dette feltet ved instituttet. Det er viktig at den som vert tilsett, er dugande til undervisning og rettleiing og dessutan har føresetnader for å delta i bygginga av eit konkurransedyktig lag som kan ta hand om forsking på akvakultur og undervisning i fysiologi og akvakultur.

 

  • Søkjarar må ha doktorgrad i fiskefysiologi relatert til akvakultur eller tilsvarande kompetanse.

  • Dokumentert røynsle frå forsking innan akvakultur og fiskefysiologi er eit krav.

  • Søkjarar må kunne dokumentere evne til å innhente ekstern forskingsfinansiering.

  • Erfaring frå leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, erfaring frå forskingsstrategisk arbeid og samarbeid med havbruksnæringa vert lagt vekt på.

  • Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid og lagbygging.

  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Vidare vil ambisjonar og potensial også telle ved vurdering av søkjarane.

 

Undervisning – kvalifikasjonar og eigenskapar

Pedagogiske kvalifikasjonar og tidlegare undervisningserfaring vil bli vektlagt, og søkjarar må dokumentere pedagogiske kvalifikasjonar og røynsle i undervisning og rettleiing av studentar og dessutan gjere greie for planar og idear knytt til undervisning. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn:

  • Prov for gjennomført pedagogisk utdanning

  • Evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning

  • Oversyn over undervisningsomfang og -nivå

  • Oversyn over master- og doktorgradsrettleiing og resultat

  • Mottekne undervisningsprisar

  • Eigne pedagogiske publikasjonar

  • Eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

  • Rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men den som vert tilsett, må også kunne undervise på engelsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Den som vert tilsett, må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

 

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 64–72 (kode 1011/LR 24.8). Dette utgjer ei årsløn på kr. 558 500 – 650 200. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15. september kvart år.

 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt ei utgreiing over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking med hovudvekt på dei siste 5 åra (2-3 sider)

  • CV

  • fullstendig publikasjonsliste

  • vitnemål og attestar

  • ein plan over moglege forskingstema om ein får stillinga, moglege samarbeidskonstellasjonar internt og eksternt, samt ambisjonar for eigen forskingsaktivitet (1-2 sider)

  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs

  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar

  • liste over vitskaplege arbeid frå dei siste 10 åra søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte

  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Jon Vidar Helvik, faggruppeleiar for miljø- og havbruksbiologi (telefon +47 55 58 43 71 / e-post vidar.helvik@uib.no) eller til instituttleiar, professor Ørjan Totland (telefon +47 477 58 058 / e-post orjan.totland@uib.no).

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

 

Den som blir tilsett, må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknader sende på e-post til enkeltpersonar ved instituttet, vert ikkje vurderte.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151415
  • Intern-ID
    2018/4277
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger