Universitetet i Bergen

Det medisinske fakultet

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Professor/førsteamanuensis (20 %, bistilling)

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet, er det ledig ei åremålsstilling som professor II (20 %, bistilling) i medisin (akutt- og mottaksmedisin) i tre (3) år frå tilsetjing. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med professorkompetanse, kan det verte aktuelt å tilsetje førsteamanuensis (20 % bistilling). Bistillinga er knytt til fast hovudstilling ved Mottaksklinikken, Haukeland universitetssjukehus. Ved Det medisinske fakultet vil stillinga bli knytt til det instituttet som er mest nærliggande ut frå fagkrinsen/spesialiteten til den som vert tilsett i stillinga.

 

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, kan ein finna lenger nede på denne sida.

 

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til prodekan for utdanning professor Steinar Hunskår, tlf. 95835353, e-post: steinar.hunskar@uib.no eller klinikkdirektør Anne Taule, tlf. 97531891, e-post: anne.taule@helse-bergen.no.

 

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsette må ha norsk doktorgrad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse, og vere godkjent spesialist i relevant spesialitet for Mottaksklinikken. Det vert vidare kravd dokumentert vitskapleg kompetanse i samsvar med kompetansekrav for vitskaplege stillingar ved Det medisinske fakultet.

 

Stillinga er nyoppretta og den som vert tilsett skal ha delansvar for utforming av undervisninga i mottaksmedisin i samsvar med den til kvar tid gjeldande studieplanar, og for undervisning av studentar. Det vert venta at den tilsette tek eit koordinerande ansvar for oppbygging av eit aktivt undervisningsmiljø ved avdelinga.

 

Søkarar må legge fram plan for eiga forsking, med utgangspunkt i fakultetet og avdelinga sin forskingsstrategi. Det vil verte lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Det vil vidare verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

 

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

 

Løn

Professor vert lønt frålønssteg 76-78 (kode 9301) i lønsregulativet til staten, for tida 704 800 - 745 600  kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt frålønssteg 59-62 (kode 8028/lønsramme 24.3-24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 508 800 - 537 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Retningsliner

Den som vert tilsette pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane so m gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

 

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.


Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsette må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

 

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Legg ved:

● vitnemål og attestar

● fullstendig publikasjonsliste

● liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

● ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis)

 

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).


Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.


Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. 


Ein viser til "Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger".

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.



 

STILLINGSOMTALE

 

 

 

Professor II/førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (akutt- og mottaksmedisin), med arbeidsstad ved Mottaksklinikken, Haukeland universitetssjukehus

 

 

 

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet, er det ledig ei åremålsstilling som professor II (20 %, bistilling) i medisin (akutt- og mottaksmedisin) i tre (3) år frå tilsetjing. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med professorkompetanse, kan det verte aktuelt å tilsetje førsteamanuensis (20 % bistilling). Bistillinga er knytt til fast hovudstilling ved Mottaksklinikken, Haukeland universitetssjukehus. Ved Det medisinske fakultet vil stillinga bli knytt til det instituttet som er mest nærliggande ut frå fagkrinsen/spesialiteten til den som vert tilsett i stillinga.

 

 

 

Hovudoppgåva for denne stillinga er forsking, undervisning og formidling innan akutt- og mottaksmedisin, men stillingsinnehavaren kan også bli pålagt undervisnings- og eksamensarbeid innan instituttet ein er knytt til og som har relevans til vedkommande si kliniske erfaring og medisinsk spesialitet.

 

 

 

Fakultetet ønskjer på sikt å bygge opp eit aktivt undervisnings- og forskingsmiljø knytt til Mottaksklinikken og akutt- og mottaksmedisin. Denne stillinga er den første vitskaplege stillinga fakultetet opprettar knytt til avdelinga. Den som vert tilsett vil få derfor få eit ansvar for utforming av undervisninga, spesielt i høve til ny studieplan i medisin, og for å delta i undervisning og eksamensarbeid. Erfaring med studieplanarbeid, utforming av nye undervisningsopplegg og gjennomført undervisning, vil difor verte sterkt vektlagt i vurderinga.

 

 

 

Det vert venta at ein også tek ansvar for oppbygging av eit aktivt forskingsmiljø, og at ein legg fram plan for eiga forsking, med utgangspunkt aktiviteten ved klinikken.

 

 

 

Søkjarar må dokumentera undervisnings- og administrativ erfaring, samt erfaring med populærvitskapleg formidling.

 

 

 

Dette er ynskjeleg at forskinga skjer i samarbeid med andre forskarar ved fakultetet eller ved Universitetet i Bergen. Ein ber om at pågåande forsking vert dokumentert. Den tilsette pliktar til å medverka til aktiv rekruttering og forskingsrettleiing av studentar og stipendiatar, og å fremja forskinga ved universitet og sjukehus.

 

 

 

Den som vert tilsett har plikt til å ta del i undervisning og eksamensavvikling ved instituttet i dei studieprogram og etter dei studieordningar som gjeld til ei kvar tid.

 

 

 

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor normal arbeidsplikt og fagleg kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

 

 

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

 

 

Det vil verte lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Det vil vidare bli lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

 

 

 

Den som vert tilsett må rette seg etter det regelverket som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Stillingsinnehavar må og på førespurnad eventuelt delta i instituttet sine styringsorgan, utval og anna arbeid.

 

 

 

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal ha reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved innsending av:

 

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervising, slik som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

 

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151413
  • Intern-ID
    18/4373
  • Omfang
    Deltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger